Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2001

25.1. opnar statsråd Ellen Horn Garborg-året 2001 på Det Norske Teatret i Oslo. Då jubileumsåret blir avslutta 1.12., er det gjennomført over 520 arrangement landet rundt med eit samla publikumstal på 142 000. I tillegg har ei rekkje NRK-program 1 195 000 lyttarar og sjåarar. Samla kostnader er på 6,3 mill. kr.

25.1. publiserer Aftenposten for første gong ein leiarartikkel på nynorsk, i høve Garborg-året.

5.2. blir Stiftinga Pirion skipa av Noregs Mållag og LNK. Stiftinga skal gi ut eit blad for tilsette i barnehagar.

1.3. tek Erle Stokke til som dagleg leiar i Blåmann Barnebokklubb. Det Norske Samlaget eig klubben og har fått tilsegn om starttilskot i tre år frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

11.3. blir oppropet frå Aksjon Nynorsk Data overlevert til næringsminister Grete Knudsen i Bergen (sjå 2000).

10.6. avdukar kong Harald 5 ein Arne Garborg-statue av Fritz Røed på Bryne.

I august får Økokrim eit omfattande materiale frå ei anonym kjelde med påstandar om at Norsk Målungdom juksar med medlemstala for å sikre statsstøtte. Økokrim informerer Barne- og familiedepartementet, men rekk ikkje å gjere noko meir med saka no (sjå 2002).

20.8. legg J.W. Cappelens Forlag saman med Det Norske Samlaget, NRK og Schibsted fram eit anbod om ein nasjonal kunnskapsbase der nynorsk og bokmål skal vere likeverdige målformer. Nynorsk kultursentrum er ein av fleire strategiske samarbeidspartnarar (sjå 19992002200520062007200820092010).

17.9. lanserer Det Norske Samlaget det nye, heileigde dotterselskapet Blåmann Barnebokklubb for å gjere det lettare å få tak i barnebøker på nynorsk. Dei to første hovudbøkene er Romhunden Odin av Brit Bildøen for dei aller yngste, og Verdas mest forelska par av Rune Belsvik. Dagleg leiar er Erle Stokke, og første medlemsbladet kjem i november. Målet er 5000 medlemer, men det målet blir aldri nådd (sjå 2010). 

26.9. held direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum årstale  nr. 1 om tilstanden for nynorsk skriftkultur under tittelen ”Det nynorske blikket”.

5.10. debuterer Eirik Ingebrigtsen med romanen Vesen på Oktober Forlag.

8.11. stoppar regjeringa Bondevik planane for utvikling av ein nasjonal kunnskapsbase med statlege midlar. Planane føresette bruk av både nynorsk og bokmål (sjå 19992002200520062007200820092010).

26.11. tek NRK Sogn og Fjordane til å gi ut Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane på Internett, redigert av Ottar Starheim (sjå 2015).

3.12. er det premiere på programposten ”Radio Røynda” i Norgesglasset, NRK P1. Det som skulle vere ein adventsserie i 15 delar av Finn Tokvam, blir ein fast programpost der Halvor Folgerø og Odd-Erik Lothe etter kvart kjem med, og det som var tenkt som ein parodi på røyndoms-tv, blir rein hegemonisk hylling av den nynorske røyndommen (sjå 2005)

Fokus Bank som lenge har vore tospråkleg, legg no ned nynorsktenestene sine.



Sist oppdatert: 06.08.2020