Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2003

9.1. vedtek styret i NRK etter lengre tids diskusjon at NRK Sogn og Fjordane skal haldast oppe som eige distriktskontor og ikkje slåast saman med NRK Hordaland. Samstundes stadfestar styret at eit nynorsk kompetansesenter skal opprettast. Ei prosjektgruppe under leiing av distriktsprogramsjef Magni Øvrebotten blir oppnemnd.
 
11.3. lanserer CyberBook det Internett-baserte opplæringsprogrammet Nynorsk+ som er utvikla i samarbeid med Gloppen Opplæringssenter og med Bjørg Sandal som prosjektleiar. Dette er det første opplæringstilbodet for innvandrarar på nynorsk, og det blir utvikla versjonar på 28 språk.
 
18.2. blir Stiftinga målROCK skipa for å arrangere ein årleg målrockfestival i Årdal. Stiftinga skal arbeide for å fremje rock og andre kunstformer på dialekt og nynorsk. Festivalen blir arrangert for første gong i august same året.
 
21.8. kunngjer Kultur- og kyrkjedepartementet at Sylfest Lomheim er tilsett som direktør i det nye kompetansesenteret som i 2005 skal avløyse Norsk språkråd. Lomheim tek til i stillinga 1.1.2004 (sjå 1970, 1972).  
 
29.8. legg regjeringa Bondevik fram St.meld. nr. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014. For første gong har ei kulturmelding eit omfattande språkkapittel. Her går regjeringa inn for ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur fram mot 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013.
 
17.9. gir Samlaget ut Ivar Aasens Norsk Ordbog frå 1873 med latinske bokstavar (sjå 2000). Terje Aarset og Kristoffer Kruken har stått for arbeidet, medrekna nyskriven innleiing og retting av feil. 
 
26.9. blir det kjent at Oslo Byes Vel har nekta Det Norske Teatrets Vener å setje opp eit skilt med nynorsk tekst på husveggen til Rosenkrantzgt. 8 i Oslo med teksten ”Her opna Det Norske Teatret i 1913. I 1945 flytta teatret til Stortingsgata, og frå 1985 spela det i eige hus”.
 
9.10. kan den Linux-baserte gratisprogrampakken OpenOffice.org 1.1 lastast ned frå Internett i både nynorsk- og bokmålsversjon. Nynorskversjonen er utvikla med midlar frå Akershus, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag fylkeskommunar. Knut Yrvin har leia prosjektet OpenOffice.org på norsk, og Gaute Hvoslef Kvalnes har omsett programmet til nynorsk.
 
I november lanserer Nynodata i Bø i Telemark dataprogrammet ”Norsk temasøk. Parallell- og synonymordbok på bokmål og nynorsk”, som blir nominert til Rosingprisen.
 
19.11. lanserer Microsoft Office 2003 med nynorskversjon av Word, Excel og Outlook (sjå 1999, 2006, 2007).
 
9.12. får Jon Fosse den prestisjefylte franske ordenen Ordre National du Mérite, som svarar til Kongens fortenestemedalje i Noreg.
 
17.12. blir seks tidlegare tillitsvalde i Norsk Målungdom dømde i Oslo tingrett for falsk forklaring til offentleg myndigheit om medlemstala i Norsk Målungdom. Under rettssaka hadde alle dei seks erkjent straffskuld. For tilskot som Norsk Målungdom ikkje skulle ha fått, blir organisasjonen samstundes dømd til å ”tilbakebetale kr. 2 881 072 – tomillioneråttehundreogåttientusenogsøttito – til Barne- og Familiedepartementet innen 14 – fjorten – dager fra dommens forkynnelse”, dessutan 100 000 kroner i bot. Dei seks ankar dommen (sjå 2004).


Sist oppdatert: 03.01.2012