Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2006

27.1. gir Posten Noreg ut frimerke til hundreårsjubileet for Noregs Mållag. Motivet er ein komet og sitatet ”Tanke og draum er himmelske køyrety” av Olav H. Hauge.
 
1.2. døyper VG kultursidene ”Bevegelser” om til ”Rørsler” med eit tosiders oppslag på nynorsk om boka Viljen til språk av Ottar Grepstad, som Det Norske Samlaget gir ut denne dagen.
 
4.2 feirar Noregs Mållag hundre år med konge og kronprins til stades ved jubileumsfest på Det Norske Teatret, der statsråd Trond Giske held festtalen. Mottoet for jubileet er ”Mange røyster – felles mål”.
 
5.2. arrangerer Noregs Mållag jubileumsseminar i Gamle festsal på Universitetet i Oslo. Sjølve hundreårsstunda blir feira på nattsete på Justisen i Oslo (sjå 1906).
 
9.3. blir forprosjektrapporten for Rasmus Løland-markeringa 2007–2011 lagt fram. Budsjettet er på over 10 mill kroner.
 
17.3. sender Kultur- og kyrkjedepartementet brev til alle leiarane i statsforvaltninga med melding om at det er ein del av tenesteplikta deira å følgje mållova, og at dette skal gjerast til punkt og prikke.
 
31.3. lanserer pressebyrået ANB nyheitsteneste på nynorsk i samarbeid med Norsk Plan.
 
1.4. tek Kirsti M. Thorheim til som forprosjektleiar for Jon Fosse-arkivet. Forprosjektet er finansiert av Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og Nynorsk kultursentrum med tilskot frå Norsk kulturråd. Rapporten blir publisert i 2008.
 
27.4. lanserer Microsoft operativsystemet Windows XP på nynorsk (sjå 2003). Brukarar av Word og Office får no ei ny nynorsk synonymordliste, Ordrik, utvikla av Nynodata.
 
28.4. presenterer Hotell Bondeheimen seg som kulturhotellet i Oslo. Under slagordet ”Rom for litteratur” er 72 rom utsmykka med sitat frå like mange forfattarar. Med tida vil hotellet også pusse opp dei andre 57 romma i same lei.
 
2.6. sender Utdanningsdirektoratet brev til alle grunnskular og skuleeigarar med informasjon om dei språklege rettane til elevane, nedfelte i § 9 i opplæringslova og § 17 i forskrift til opplæringslova.
 
12.6. blir stiftinga Rasmus Løland-markeringa 2007–2011 skipa i Stavanger med fylkesordførar Roald Bergsaker (H) som leiar. Marny Skeie Henkel blir tilsett som dagleg leiar.
 
14.6. drøftar fylkestinget i Møre og Romsdal ein interpellasjon frå Torkild Solli Haukaas (H) der han tek til orde for at Møre og Romsdal fylke skal bli språknøytralt. Fylkestinget vedtek at saka skal utgreiast for avgjerd i desember.
 
16.6. lyser Utdanningsdirektoratet ut 2,7 mill kroner i tilskot til læremiddel for språklege minoritetar, ”til ulike typar læremiddel som grunnbøker, arbeidsbøker, tilleggsmateriell (ressursperm for lærarar, ordlister, lydstoff) og nynorsk grammatikk for vaksne innvandrarar”, til trykte og nettbaserte komponentar.
 
22.6. blir Kultur- og kyrkjedepartementets pris for nynorskjournalistar, oppretta då Nynorsk mediesenter blei opna i 2004, delt ut under Dei nynorske festspela. Prisvinnar er Linda Eide, juryleiar er Gry Molvær.
 
24.6. kunngjer Noregs Mållag vinnarane i ei jubileumsskrivetevling der over 530 tekstar frå elevar på ungdomssteget og i vidaregåande skule kom inn. Prisane blir delte ut under Dei nynorske festspela.
 
I juli arbeider 12 unge mellom 16 og 19 år som litteraturkritikarar i regi av Aurland kommune i samarbeid med Det Norske Samlaget, Aurland sparebank og ungdomsklubben i Aurland.
 
4.7. utnemner Kultur- og kyrkjedepartementet styre i det nye Språkrådet med fylkesmann Tora Aasland som styreleiar.
 
6.7. vedtek årsmøtet i Noregs Ungdomslag i Trondheim med stort fleirtal å halde fast ved gjeldande vedtekter om at NU pliktar å arbeide for nynorsk. Med om lag 85 mot 10 røyster vedtek årsmøtet at nynorsk framleis skal vere administrasjonsspråket for tilsette og tillitsvalde sentralt.
 
Med verknad frå 1.8. endrar Kunnskapsdepartementet § 17–3 i opplæringslova slik at administrativ programvare (kontorstøtteprogram) ikkje lenger er unnateke frå kravet til språkleg parallellutgåve.
 
15.8. sender Utdanningsdirektoratet brev til alle fylkeskommunar og vidaregåande med informasjon om dei språklege rettane til elevane, nedfelte i § 9 i opplæringslova og § 17 i forskrift til opplæringslova.
 
24.8. opnar Birger Løken i Volda den første Rema 1000-butikken som er skilta på nynorsk.
 
12.9. opnar Nynorsk kultursentrum den nye nettstaden www.tunkatten.no med tilbod særleg for barn i alderen 6–12 år.
 
15.9. legg Nynorsk Forum fram dokumentet Politikk for nynorsk som eit felles innspel til Kultur- og kyrkjedepartementet i arbeidet med ei stortingsmelding om språk. Det er første gongen nynorskmiljøet har samla seg om ei så omfattande politisk plattform.
 
25.10. er versjon 2.0 av nettlesaren Firefox tilgjengeleg på nynorsk og bokmål. 
 
2.11. kårar Nynorsk kultursentrum i Oslo vinnarane i ein konkurranse om nye feiringssalmar på nynorsk til bruk ved dåp, konfirmasjon eller bryllaup. I alt har det kome inn 105 nyskrivne salmar, og førsteprisen går til dåpssalmen ”Du er Guds barn, nett no” av Emil Skartveit. Juryleiar er Oskar Stein Bjørlykke.
 
10.11. deler Noregs Mållag ut Nynorsk næringslivspris for første gong. Prisen går til Lerum AS i Sogndal, som i 2003 gjekk over til nynorsk på saftflasker, syltetyglas og i all marknadsføring.
 
28.11. kunngjer fornyingsminister Heidi Grande Røys at ho i august utfordra Microsoft til å utvikle eit talesynteseprogram som omformar tekst frå ulike dataprogram til lyd. Programmet skal verke på både nynorsk og bokmål, og Noreg blir eitt av dei første landa med eit slikt gratis nasjonalt program, på Microsoft si plattform.
 
4.12. kunngjer Det Nye at lesarane har kåra Olaug Nilssen til Årets rollemodell. ”Eg har problem med å uttale meg om saker eg ikkje har oversikt over. Men eg synest eg er litt tøff i nynorsksaka,” seier Nilssen.
 
12.12. vedtek fylkestinget i Møre og Romsdal med 32 mot 15 røyster at nynorsk framleis skal vere administrasjonsspråket i fylket.
 
17.12. gir dei nye norske statsborgarane som ønskjer det, for første gong eit truskapsløfte. Den nynorske utgåva lyder slik: ”Som norsk statsborgar lovar eg truskap til mitt land Noreg og det norske samfunnet, og eg stør demokratiet og menneskerettane og vil respektere landets lover.”
 
19.12. omdisponerer Stortinget løyvinga for 2006 på 1,5 mill kroner til Nynorsk digitalt leksikon til ”produksjon av nye artikler om nynorsk kulturhistorie på Internett” (sjå 1999, 2001, 2002, 2004, 2005, 2007, 2008, 2009, 2010).
 
Fjerde utgåva av Nynorskordboka ligg føre.


Sist oppdatert: 18.08.2017