Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2007

7.2. publiserer vekebladet Eva for første gong eit intervju på nynorsk. Intervjuobjektet er Venke Aarethun frå Sogndal, redaktør er Kirsten Offerdal (sjå 1995).

20.2 presenterer Microsoft Norge heile operativsystemet Windows XP på nynorsk.

6.3. blir band VI av Norsk Ordbok, K – kåvå, gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktørar er Lars S. Vikør, Laurits Killingbergtrø og Oddrun Grønvik. Bandet er redigert av Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Øystein Baardsgaard, Eli Johanne Ellingsve, Øyalf Endresen, Anne Engø, Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Hege Hellum, Tor Erik Jenstad, Knut E. Karlsen, Laurits Killingbergtrø, Astrid Nilsen-Nygaard, Børge Nordbø, Solveig Helene Rekdal, Ålov Runde, Dagfinn Rødningen, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Oddmund Vestenfor, Åse Wetås, Gunndhild Wiggen, Dagfinn Worren, Leiv Inge Aa og Gunhild Aamodt.

17.3. vedtek landsmøtet i Norsk Målungdom at teksting av minst ein kinofilm på nynorsk er den viktigaste arbeidsoppgåva i tida framover (sjå 26.10.2007, 26.9.2008). 

I april publiserer vekebladet Elle i nr. 4/2007 for første gong ein artikkel på nynorsk: ”Hemmelege hårtriks frå A–Å” av Ellen Burnley (sjå 1995).

13.4. opnar fylkesmann Tora Aasland Rasmus Løland-markeringa 2007–2011 på Løland i Suldal.

20.4. held redaksjonen i prosjektet 1001 tekstar sitt første møte, i Ivar Aasen-tunet. Ottar Grepstad er hovudredaktør og har med seg bibliotekleiar Kirsti Langstøyl og forlagsredaktør Randulf Rønningen. Seinare kjem lektor Vibeke Lauritzen med. Prosjektet blir i 2008 overført til Allkunne AS, og redaksjonen blir utvida med fleire medarbeidarar (sjå 1999, 2001, 2002, 2004, 2005, 2006, 2008, 2009).

29.5. går fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen (Ap, SV, Sp og KrF) i Innst. S. nr. 218 (2006–2007) inn for at Riksrevisjonen bør medverke til auka reell, språkleg jamstelling ved at språkbruk og faktisk fordeling mellom nynorsk og bokmål i skriftleg tilfang blir omtalt i framtidige utgåver av Riksrevisjonens melding om verksemda.

29.5. går fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen (Ap, SV, Sp og KrF) i Innst. S. nr. 219 (2006–2007) inn for at Statens utval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS)-utvalet) ”også bør medverke til auka reell, språkleg jamstelling” ved at utvalet over tid vekslar mellom nynorsk og bokmål i meldingane sine til Stortinget.

29.5. går fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen (Ap, SV, Sp og KrF) i Innst. S. nr. 221 (2006–2007) inn for at ”Sivilombudsmannen bør medverke til auka reell, språkleg jamstelling” ved at Sivilombodsmannen over tid i større grad vekslar mellom nynorsk og bokmål i meldingar til Stortinget.

19.6. gir Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i digital form ut den første Nynorsk grammatikk for minoritetsspråklege, skriven av Birgitte Fondevik Grimstad og Hilde Osdal.

26.6. skjerpar samferdsleminister Liv Signe Navarsete krava til språkleg jamstelling i Posten Noreg AS, Avinor AS og NSB AS. Generalforsamlingane i alle tre selskapa har vedteke at selskapa i all kunderetta informasjon no skal følgje prinsippa i mållova (sjå 1980). Etter dei tidlegare vedtektene skulle prinsippa i mållova følgjast så langt som råd var, men med rom for å sjå bort frå dette når private konkurrentar ikkje gjorde det. Det skal likevel framleis vere slik at målbruken ikkje skal utgjere ei ulempe i høve til private konkurrentar.

11.8. passerer Wikipedia Nynorsk 25 000 artiklar (sjå 2004, 2005, 2009).

14.8. tek Harald Hove (V) til orde for å etablere eit nynorsk litteratursenter i Leirvik på Stord. Senteret skal bli ein møteplass mellom forfattarar og språkbrukarar i ”den største nynorskbyen”.

15.8. les Agnes Ravatn frå debutromanen Veke 53 då Det Norske Samlaget presenterer haustlista i Oslo. På same arrangementet lanserer forlaget songboka Songfuggel i karmen, som er første boka av Odd Nordstoga. 

30.8. strekar elevar ved vidaregåande skular i Sauda, Ørsta, Volda, Sandane, Kristiansand, Bergen og Oslo for at nynorskelevar skal få læremiddel til same tid og same pris som bokmålselevane.

6.9. legg regjeringa Stoltenberg fram ein lekkasje frå framlegget til statsbudsjett for 2008 i form av ein nynorskpakke med til saman 6 mill. kr i påplussingar til fleire nynorskinstitusjonar.

13.9. vedtek styret i Språkrådet samrøystes å setje i gang eit arbeid for å utforme ei ”tydeleg, enkel og stram norm utan sideformer” for nynorsk. Arbeidet skal vere avslutta våren 2009. I brev 13.11. bed Kultur- og kyrkjedepartementet Språkrådet vente til ei venta stortingsmelding om språk er handsama i Stortinget i 2008. Styret vedtek

22.11. å halde fram med arbeidet, men i møte 15.2.2008 vedtek styret å utsetje saka til Stortinget har handsama meldinga.

26.10. set Norsk Målungdom i gang aksjonen ”Dude, where's my språk?” for å få minst ein kinofilm teksta på nynorsk (sjå 17.3.2007).

4.11. opnar leiar i nærings-, miljø- og kulturkomiteen i Stord kommune, Fredrik Litleskare, den nye nynorske barnelitteraturfestivalen Falturiltu i Leirvik på Stord. Festspeldiktar dette første året er Oskar Stein Bjørlykke.

6.11. vedtek Time kommunestyre samrøystes å løyse ut ein opsjon på éin etasje i eit nybygg på Bryne som skal hyse eit nasjonalt Garborg-senter. Planen er å opne senteret 25.1.2011 (sjå 2004, 2007, 2008, 2009, 2010).

9.11. publiserer Nynorsk kultursentrum i digital form og fullformat, og med latinske bokstavar, dei tre første årgangane av avisa Fedraheimen (1877–91). Prosjektet blir utført i samarbeid med Norsk Ordbok 2014 og held fram.

21.11. legg NIFU Step fram sluttrapport om eit treårig forsøk med valfri sidemålsundervisning ved ni vidaregåande skular i Oslo (sjå 2004). Undersøkinga viser få resultat som talar for at forsøket har vore vellykka (sjå 2008).

23.11. gir Fonna Forlag ut første juleheftet i ei nye rekkje Ingeniør Knut Berg, skrive av Jon Bing & Tor Åge Bringsværd, teikna av Knut Westad. Det er første gongen på 47 år at det kjem eit nytt hefte om Knut Berg. Det tredje og siste heftet i den nye rekkja kjem ut i 2009  (sjå 1941, 1943).

6.12. får Jon Eikemo æresprisen på 500 000 kr frå Norsk kulturråd for å ha gjort teater til ei sak for folk flest, nå ut med kvalitetskunst til eit breitt publikum over heile landet og for å ha vist at det er mogleg å bruke sitt eige språk på scena.

Først publisert: 18.08.2017
Sist oppdatert: 06.02.2020