Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2008

10.1. blir Hauge/Tveitt-jubileet 2008 opna i Drammen Teater. Dobbeljubileet for Geirr Tveitt og Olav H. Hauge blir gjennomført med over 400 arrangement til ein smala kostnad av 7,4 mill. kr.

23.1. varslar statsråd Bård Vegar Solhjell at Kunnskapsdepartementet vil følgje nøye med på utgivinga av lærebøker og rår til at fylkeskommunane gir dagbøter til forlag som hausten 2008 ikkje leverer lærebøker i begge målformer i rett tid (sjå 13.9.2008).

8.2. lanserer Stabburet ein ny reklamefilm for Grandiosa pizza med songtekst på nynorsk.

13.2. vedtek Oslo bystyre mot røystene til Høgre, FrP og ei røyst frå KrF å be byrådet ”iverksette tiltak for å styrke norskopplæringen i videregående skole med særlig vekt på utvikling og fornyelse av undervisningen i sidemål”. Det forsøket som blei innført i 2004, er med dette avslutta (sjå 6.9.2004).

13.2. gir for første gong Arbeidsretten ein dom på nynorsk. LO og Fagforbundet får medhald i ei sak mot Hornindal kommune. Dommen er skriven av Jon Gisle.

29.2. takkar redaktør Tove Lie i Nationen ja til å bli ny forlagsdirektør i Det Norske Samlaget etter Nina Refseth. Lie tek til i stillinga 1.9.2008.

4.3. skriv den nye redaktøren Britt Sofie Hestvik på leiarplass i Kommunal Rapport at bladet frå no av skal redigerast på begge målformer.

4.3. kunngjer Utdanningsdirektoratet at ”eventuelle søknader om forsøk med valfritt skriftleg sidemål eller søknader om fritak frå skriftleg sidemål, i utgangspunktet ikkje vil bli godkjende”. Dette gjeld både grunnskulen og den vidaregåande skulen.

6.3. kjem første nummeret av ÅmliAvisa ut i Åmli med Inger Stavelin som redaktør.

10.3. legg styringsgruppa for Nasjonalt Garborg-senter på Bryne ned arbeidet sitt (sjå 2004, 2007, 2009, 2010).

1.4. tek Jærmuseet over ansvaret for arbeidet med å utvikle eit nasjonalt Garborg-senter på Bryne. Senteret skal bli ei eiga avdeling i museet (sjå 2004, 2007, 2009, 2010).

3.4. blir Sverre Fehn og Ivar Aasen-tunet heidra med A.C. Houens fonds diplom for framifrå arkitektur. Dette er den fremste prisen for norsk arkitektur, og blei første gongen delt ut i 1904.

15.4. går Vassendgutane til topps på VG-lista med cd-plata XO. På kort tid har gruppa selt 30 000 eksemplar. Då året er omme, er det denne plata som har selt best på bensinstasjonane.

16.4. publiserer 80 forfattarar eit opprop der dei krev at saka om Garborg-senter på Bryne blir handsama på nytt og at det blir reist som eit frittståande anlegg med god arkitektur. Initiativtakar er Sidsel Mørck (sjå 2004, 2007, 2009).

17.4. lanserer Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i Volda boka Les for meg!, som blir gitt ut på Det Norske Samlaget og som blir sendt gratis til alle barnehagar og grunnskular i Noreg.

24.4. debuterer Lars Petter Sveen med novellesamlinga Køyre frå Fræna på H. Aschehoug & Co.

30.4. plantar Kronprins Haakon ny tunbjørk i Ivar Aasen-tunet. Han opnar også den nye utescena i tunet. Bjørka er ein genetisk kopi av Storebjørka, som blei teken ned i 2005 (sjå 2004, 2005).

13.5. lanserer Microsoft Norge språkgrensesnittpakke for Windows Vista på nynorsk.

23.5. legg Kunnskapsdepartementet fram St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer om språkpolitikk i skuleverket.

26.5. lagar VG Nett den nynorske overskrifta ”Elevane fekk eksamensfri då lærarane gjekk til streik: – Ikkje mogleg å ha eksamen” til eit oppslag om at lærarstreik førte til at eksamen i norsk sidemål i dag er avlyst for avgangselevane ved mellom anna Valler videregående skole i Bærum.

27.5. debuterer Kari Stai med barneboka Jakob og Neikob på Det Norske Samlaget, illustrert av henne sjølv.

3.6. lanserer Microsoft Norge talesynteseprogrammet LingSpeak Arne som meistrar begge målformer. Tenesta er utvikla av firmaet LingIT.

5.6. lanserer Nynorsk pressekontor den nye tenesta NPK Direkte som er særleg retta inn mot nynorske nettaviser og nettstader.

26.6. blir band VII av Norsk Ordbok, l – mugetuft, gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktørar er Lars S. Vikør, Laurits Killingbergtrø og Oddrun Grønvik. Bandet er redigert av Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Sturla Berg-Olsen, Øystein Baardsgaard, Eli Johanne Ellingsve, Øyalf Endresen, Anne Engø, Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Hege Hellum, Ingunn Indrebø Ims, Tor Erik Jenstad, Knut E. Karlsen, Laurits Killingbergtrø, Astrid Nilsen-Nygaard, Børge Nordbø, Solveig Helene Rekdal, Ålov Runde, Dagfinn Rødningen, Laila Sakshaug, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Oddmund Vestenfor, Åse Wetås, Gunnhild Wiggen, Dagfinn Worren, Leiv Inge Aa, Gunhild Aamodt.

27.6. legg Kultur- og kyrkjedepartementet fram St.meld. nr. 35 (2007–2009) Mål og meining om ein heilskapleg språkpolitikk i Oslo og i Ivar Aasen-tunet.

3.7. lanserer det koreanske firmaet Humax bakkenettmottakaren Humax CXHD-3000T med bruksrettleiing også på nynorsk på tv-skjermen.

1.8. tek Åse Wetås til som prosjektdirektør for Norsk Ordbok 2014 (sjå 2002).

20.8. skipar Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum det tilslutta selskapet Allkunne AS som skal utvikle og drive eit allment nynorsk leksikon på Internett. Randulf Rønningen blir tilsett som første daglege leiar frå 1.9. (sjå 1999, 2001, 2002, 2004, 2005, 2006, 2007, 2009).

27.8. debuterer Terje Torkildsen med ungdomsboka Marki Marco på Det Norske Samlaget. Boka er utvikla i samarbeid med 10. steget ved St. Svithun skole i Stavanger. 

8.9. debuterer Aina Basso med ungdomsboka Ingen må vite på Det Norske Samlaget.

13.9. offentleggjer Utdanningsdirektoratet ein rapport som viser at vidaregåande skular i 13 av 19 fylke ikkje har fått nynorske lærebøker i rett tid. Fylkeskommunane har i stor grad kjøpt inn læremiddel som ikkje er tilgjengelege i begge målformer, men dette er i strid med opplæringslova.

26.9. har den brasilianske filmen Tropa de Elite premiere på norske kinoar med tekstar på nynorsk. Filmen vann Gullbjørnen under filmfestivalen i Berlin vinteren 2008, og er importert av Euforia Film (sjå 1985).

14.10. melder den prislønte iskremprodusenten Iskremgården på Vigrestad på Jæren at dei vil gå over til nynorsk og endre namnet til Iskremgarden.

20.10. blir kontorprogrampakken OpenOffice.org 3 lansert på bokmål og nynorsk for både Windows og Linux.

28.10. lanserer statsråd Bård Vegar Solhjell  kampanjen ”Bøker i tide 09” som inneber auka løyvingar for at læremidla skal kome i rett tid, med krav om at fylkeskommunane og skulane skal kjøpe inn desse i tide, og at forlaga sørgjer for at desse kjem i tide.

29.10. opnar Stortinget den nye versjonen av nettstaden stortinget.no med både nynorsk og bokmål. Dette er første gongen Stortinget administrativt bruker nynorsk.

30.10. kunngjer Kunnskapsdepartementet at den gamle ordninga med to eksamensdagar og to eksamenskarakterar skal takast opp att ved norskesamen i 10. klasse. Ordninga med éin felles eksamensdag blei dermed berre praktisert i 2008 (sjå 2004).

27.11. legg Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og Nynorsk kultursentrum fram ein omfattande forprosjektrapport av Kirsti Mathilde Thorheim om eit Jon Fosse-arkiv (sjå 2006).

29.11. blir redaktør Karoline Riise Kristiansen i ABC Startsiden tilsett som ny sjefredaktør i Nynorsk Pressekontor. 

Først publisert: 18.08.2017
Sist oppdatert: 06.02.2020