Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2011

12.1. VG prentar heilsides nyheitsreportasje på nynorsk om at Forum for norskfaget føreslår for Utdanningsdirektoratet at det berre skal vere ein samla karakter for norskfaget i 3. klasse i vidaregåande skule. Reportasjen er skriven av Frank Ertesvåg. Sjefredaktør Bernt Olufsen tok sjølv initiativet til at reportasjen skulle vere på nynorsk, og ser på dette som eit tabloid verkemiddel som ikkje blir nokon ny vane i avisa.

13.1.2011 er det premiere for Olav H. Hauge-senteret i Ulvik med eit ope arrangement. Dette skal bli eit dokumentasjons- og formidlingssenter for Olav H. Hauge og lyrikk i alle former. Nynorsk kultursentrum skal utvikle og drive senteret (sjå 2000200920102014).

26.1. lanserer The Document Foundation ein såkalla endeleg versjon av kontorpakken LibreOffice for Windows, Mac og Linux. Programvara er tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål.

2.2. blir tidlegare forlagssjef i Samlaget, Audun Heskestad, slått til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden for sin innsats for nynorsk skriftkultur.

3.2. går Tove Lie av som forlagsdirektør i Samlaget. Tom Skovdahl blir konstituert i stillinga (sjå 2008).

14.2. kårar Dagbladet.no Stavanger-dialekten til den mest sjarmerande i landet. Av om lag 29 000 røyster rangerer 7414 eller 25 % Stavanger-dialekten på topp, før Kristiansand-dialekten med 2211 røyster eller 7 %. 3632 personar eller 12 % meiner Bergens-dialekten er den minst sjarmerande (sjå 2005).

17.2. blir band IX av Norsk Ordbok, ramost – skodda, gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktørar er Oddrun Grønvik, Lars S. Vikør og Dagfinn Worren. Bandet er redigert av Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Sturla Berg-Olsen, Kristine G. Eide, Eli Johanne Ellingsve, Øyalf Endresen, Anne Engø, Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Kjetil Gundersen, Madeleine Halmøy, Hilde C.F. Haug, Hege Fjeldseth Hellum, Tor Erik Jenstad, Knut E. Karlsen, Astrid Nilsen-Nygaard, Børge Nordbø, Åshild Næss, Toril Opsahl, Solveig Helene Rekdal, Ålov Synnøve Runde, Dagfinn Rødningen, Kari-Anne Selvik, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Ellen Hellebostad Toft, Lars S. Vikør, Åse Wetås, Gunnhild Wiggen, Solveig Wikstrøm, Dagfinn Worren, Ingjerd Lægreid Ødemark, Leiv Inge Aa, Gunhild Aamodt.

22.2. sender statstråd Anniken Huitfeldt i Kulturdepartementet brev til statsministeren og alle statsrådar med påminning om at det ligg til den øvste leiinga i kvart departement å sjå til at mållova blir følgd i både departement og statsforvaltninga elles (sjå 2006).

24.2. markerer Gildeskål kommune i samarbeid med dei andre kommunane i Salten 175-årsjubileet for Elias Blix og tek til orde for å etablere eit Elias Blix-senter i Gildeskål.

14.3. tek Mari Olafson Lundemo til som dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik (sjå 200020092010).

1.4. overleverer ei nemnd under leiing av Grete Riise ei samrøystes innstilling om ny rettskriving for nynorsk til styret i Språkrådet (sjå 200720092010).

12.4. kunngjer Hordaland Teater at dei i samarbeid med Det Norske Teatret og Sogn og Fjordane Teater vil etablere Nynorskscenen i Bergen. Frå 2013 skal dei tre teatra samarbeide om teaterturnear. Jon Fosse er aktivt med i planlegginga og har gitt Hordaland Teater rett til å bruke namnet hans i profileringa av den nye scena.

8.5. vedtek landsmøtet i Høgre med 164 mot 87 røyster å gå inn for valfri sidemålsundervisning i ungdomsskulen (sjå 19971999200020052008).

16.5. kunngjer Kulturdepartementet at Jon Fosse er tildelt statens æresbustad Grotten i Oslo.

20.5. sluttar styret i Språkrådet seg samrøystes til innstillinga frå Riise-nemnda om ny rettskriving for nynorsk. Styret kallar den nye rettskrivinga 2012-normalen (sjå 200720092010).

23.5. vedtek sentralstyret i Arbeiderpartiet at lokallag og fylkeslag kan bruke nemningane Arbeidarpartiet og Arbeiderpartiet. Nasjonalt heiter partiet berre Arbeiderpartiet, og alle lister ved val skal heite Arbeiderpartiets liste.

1.6. tek Jens Kihl til som prosjektleiar for utviklingsprosjektet Språkåret 2013. Prosjektplan og prosjektbudsjett skal vedtakast av styret i Nynorsk kultursentrum i januar 2012 (sjå 20092010).

4.9. tek Gaute Øvereng til som dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet.

22.9. godkjenner statsråd Anniken Huitfeldt framlegget til ny rettskriving for nynorsk utan endringar. Den nye rettskrivinga skal gjelde frå 1.8.2012 (sjå 200720092010).

30.9. debuterer Tore Kvæven med romanen Hard er mitt lands lov på Det Norske Samlaget.

6.10. blir Edvard Hoem tildelt statsstipend av regjeringa Stoltenberg.

14.10. sender NRK Super første episode av serien Vaffelhjarte etter debutromanen med same tittel av Maria Parr frå 2005. Sjuande og siste episode blir send 18.11.

19.10. lanserer Bibelselskapet Bibelen i ny omsetjing på nynorsk og bokmål ved ein seremoni i Oslo domkirke. Førsteopplaget er på 100 000 eksemplar i alt (sjå 192119381978).

26.10. blir den nynorske Bibelen feira i Ivar Aasen-tunet og i Volda kyrkje gjennom eit samarbeid mellom Møre bispedømme, Bibelselskapet og Nynorsk kultursentrum(sjå 1921193819782015).

1.11. tek Edmund Austigard over som forlagsdirektør i Samlaget, etter at Tove Lie gjekk på dagen i februar.

13.12. melder Framtida.no at Sparebank 1 har lansert nynorskversjon av mobilbanktenesta si (sjå 2004).


Sist oppdatert: 06.02.2020