Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2012

31.1. overleverer Nynorsk kultursentrum prosjektplan for Språkåret 2013 til Kulturdepartementet. Planen inneheld ein søknad om 16,5 mill. kr i statleg løyving til prosjektet i 2013. Då statsbudsjettet blir lagt fram 8.10., blir det klart at regjeringa løyver 6,5 mill. kr i tillegg til dei prosjektmidlane som er løyvde tidlegare.

8.2. presenterer Norsk kulturråd dei 51 første av 100 bidrag til det som blir kalla «Norges dokumentarv». Dette er ein del av UNESCO-programmet for verdsminne. Arkivet etter Ivar Aasen er blant dei 51 første bidraga. Om dette arkivet skriv Norsk kulturråd: «Arkivet dokumenterer arbeidet til en person med en viktig plass i norsk språkhistorie. Det blir også tillagt vekt at Ivar Aasen hadde en rolle utover det rent språklige, han var med og dannet grunnlaget for en norsk nasjonalitetsfølelse. Arkivet som helhet er en viktig kilde til norsk vitenskapshistorie, et nærmest komplett forskerarkiv fra ca. 1840 og framover.»

7.3. melder Noregs Mållag at dei har fått godt over 1700 nye medlemer etter at statsråd Kristin Halvorsen 24.1. tok til orde for å redusere undervisninga i sidemål i skulen og avvikle ordninga med eigen skriftleg eksamen i sidemål i vidaregåande skule. Ein av dei nye medlemene er Audun Lysbakken, som seinare same våren blir vald til ny leiar i SV.

15.3. blir det nynorske motemagasinet Puella kåra til Årets elevbedrift i Sign og Fjordane. Dei som står bak, er 17-åringane Anja Helen Kandal, Emilie Risnes Øyre, Monica Flatland og Gudrun Ness frå Luster. Prisen blir delt ut under den årvisse fylkesmessa for Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.

15.3. blir band X av Norsk Ordbok, skodde – stæveleg, gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktørar er Oddrun Grønvik, Lars S. Vikør og Dagfinn Worren. Bandet er redigert av Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Sturla Berg-Olsen, Eli Johanne Ellingsve, Øyalf Endresen, Anne Engø, Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Kjetil Gundersen, Madeleine Halmøy, Hilde C.F. Haug, Hege Fjeldseth Hellum, Tor Erik Jenstad, Astrid Nilsen-Nygaard, Børge Nordbø, Toril Opsahl, Solveig Helene Rekdal, Ålov Synnøve Runde, Dagfinn Rødningen, Kari-Anne Selvik, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Ellen Hellebostad Toft, Lars S. Vikør, Åse Wetås, Gunnhild Wiggen, Solveig Wikstrøm, Dagfinn Worren, Ingjerd Lægreid Ødemark, Leiv Inge Aa, Gunhild Aamodt.

30.3. kunngjer Det Norske Samlaget at forlaget har selt skulebokavdelinga til Fagbokforlaget.

20.4. arrangerer Kunnskapsdepartementet det første møtet i ei ressursgruppe for nynorsk hovudmål. Gruppa avsluttar arbeidet 27.11. Gruppa skal gi råd til ein rapport som departementet skal leggje fram. Denne rapporten blir offentleggjord seinsommaren 2013, men då er det gruppa som svarar for innhaldet, ikkje departementet.

3.5. legg kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget fram Innst. 276 S (2011–2012). Der går fleirtalet – regjeringspartia Ap, Sp og SV – inn for at Grunnlova skal liggje føre på både bokmål og nynorsk til jubileet i 2014.

15.5. kunngjer Tine at dei opphevar det tidlegare vedtaket om at berre kulturmjøl av mjølekartongane skal vere teksta på nynorsk. Den 9.1. har Tine innført nye kartongar med regional merking, som «Melk fra Vestlandet». Frå no av blir alle kartongar med mjølk frå Vestlandet merkte på nynorsk. Berre heilmjølkkartongen blir verande på bokmål. Det er mjølkebøndene sjølve som har bedt om at kartongane blir teksta på nynorsk.

21.5. vedtek eit breitt fleirtal i Stortinget tilrådinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om at Grunnlova skal liggje føre på moderne nynorsk og bokmål til Grunnlovsjubileet i 2014 (sjå 3.5.). Ved subsidiær votering sluttar Høgre og Fremskrittspartiet seg til framlegget, som blir vedteke med 12 røyster frå Venstre og Kristeleg Folkeparti (sjå 2014).

5.6. vedtek fylkestinget i Sogn og Fjordane å satse målretta på nynorsk språkpolitikk i fylket.

7.6. vedtek styret ved Høgskulen i Volda å omorganisere det tidlegare Ivar Aasen-instituttet til Forskingssenter for skriftkultur. Dette blei frå 1.1.2013 ein del av det nye Ivar Aasen-instituttet, tidlegare Institutt for språk og litteratur, ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Forskingssenter for skriftkultur blir eiga budsjetteining og får eit fagråd opp nemnt av rektor.

19.6. gjer Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum avtale om at Nynorsk kultursentrum tek over alle aksjane i selskapet Allkunne AS (sjå 2008).

29.6. tek Inger Johanne Sæterbakk til som prosjektleiar for Språkåret 2013.

1.8. gjeld den nye rettskrivinga for nynorsk, fastsett av Kulturdepartementet 23.9.2011 etter samrøystes tilråding frå styret i Språkrådet.

5.9. opnar kulturminister Anniken Huitfeldt Garborgsenteret på Bryne.

10.9. kunngjer olje- og energiminister Ola Borten Moe at Gaupne-feltet i Nordsjøen skal døypast om til Ivar Aasen-feltet. Det norske oljeselskap eig 30 % av feltet og skal vere drivarselskapet.

17.9. leverer Hans Petter Graver og nemnda hans ferdige framlegg til Grunnlova i moderne utgåve på både nynorsk og bokmål til Stortinget.

23.9. ligg det mobile mobilspelet Wordfeud føre også i nynorskversjon. I sine mange språkversjonar er spelet til då lasta ned 18 millionar gonger. Nynorsk kultursentrum oppmoda i januar Håkon Bertheussen om å lage nynorskutgåve, og utover våren auka presset. Bertheussen seier i august at selskapet hans lenge har planlagt å lage også ein nynorskversjon.

26.9. held direktør Ottar Grepstad den siste av 12 årstalar om tilstanden for nynorsk skriftkultur, i Ivar Aasen-tunet (sjå 2001). Same dagen lanserer Det Norske Samlaget boka Draumen om målet der alle talane er samla.

23.10. vedtek landsmøtet i AUF å gå inn for eigen karakter i sidemål.

8.11. lanserer importøren Excellars den økologisk produserte og franske vinen Nynorsk Raudvin, teksta på nynorsk. I mai 2013 lanserer den same importøren Nynorsk Kvitvin.

9.11. blir Nynorsk forum for Sogn og Fjordane konstituert på Skei i Jølster av representantar for næringsliv, forvaltning, utdannings- og kulturinstitusjonar, og frivillige organisasjonar. Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke initiativet.

Først publisert: 08.04.2014
Sist oppdatert: 20.03.2017