Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2014

27.1. melder Sunnmøre Museum i brev til Nynorsk kultursentrum at museet no overfører eigedomsretten til gjenstandssamlinga frå Ivar Aasen-museet og boksamlinga etter Ivar Aasen i Ivar Aasen-tunet til Nynorsk kultursentrum. Sunnmøre Museum har eigd samlingane sidan 1941 (sjå 1939).

16.2. vedtek kommunestyret i Vinje kommune med 24 røyster mot 1 røyst ein intensjonsavtale med Nynorsk kultursentrum om å utvikle eit Vinje-senter for dikting, journalistikk og språkleg mangfald til 200-årsjubileet for A.O. Vinje i 2018. Styret i Nynorsk kultursentrum godkjende avtalen 5.12.2013.

3.3. sender Språkrådet eit notat på om lag 30 sider til Kulturdepartementet om ein samla norsk ordbokspolitikk. Notatet er ei utdjuping av den utgreiinga Språkrådet sende til departementet 26.8.2013 (sjå 2013). I notatet framhevar Språkrådet mellom anna behovet for å føre vidare Norsk Ordbok etter at band 12 ligg føre vinteren 2015.

23.4. legg Nynorsk kultursentrum fram årsrapporten «Så lenge der er språk, kjem det år» om Språkåret 2013 (sjå 2012, 2013). Rapporten dokumenterer 3320 arrangement med til saman 149 000 gjester. Språkåret hadde aktivitet i fem land, i alle dei norske fylka, i halvparten av alle kommunane og nesten kvar einaste dag gjennom året. Rapporten syner også at i Språkåret 2013 endra truleg om lag 250 000 nordmenn meiningar om språk og språkpolitikk. Rekneskapen viser ei samla omsetning på 8,7 millionar kr. Nær 500 000 kr i restmidlar blir hausten 2014 løyvde til seks ulike oppfølgingstiltak.

29.4. legg kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget fram Innst. 177 S (2013–2014) om «språklig fornyelse av Grunnloven», «om en nynorsk versjon av Grunnloven» og «om vedtak av Grunnloven på tidsmessig bokmål og nynorsk». I innstillinga er det ikkje to tredels fleirtal for nokon av forslaga (sjå 2012).

6.5. kl. 14.04 vedtek Stortinget Grunnlova på nynorsk med 168 røyster mot ei røyst. Den eine som røystar mot, er Sverre Myrli (Ap). Ni minutt tidlegare har Stortinget med 165 røyster mot fire røyster vedteke Grunnlova på lett modernisert bokmål. Dei fire som røystar mot, er Trine Skei Grande (V), Guri Melby (V), Sverre Myrli (Ap) og Abid Raja (V) (sjå 2012).

24.5. avdukar Edvard Hoem ei byste av Ivar Aasen utanfor Meland rådhus i Nordhordland. Bysta er laga av Gunnar Torvund.

13.8. melder Noregs Mållag at dei sender plakat med den nynorske Grunnlova til alle vidaregåande skular i Noreg.

28.8. held Vinje kommune det første fellesmøtet i ein nasjonal og ein regional komité for A.O. Vinje-jubileet i 2018. Arbeidet blir drive fram av tidlegare rådmann Hans Kristian Lehmann.

4.9. opnar leiar Sigmund Løvåsen i Den norske Forfatterforening det nye Olav H. Hauge-senteret i Ulvik (sjå 2000, 2009, 2010, 2011). Den samla byggjerekneskapen viser kostnader på vel 11 millionar kr.

26.9. opnar Bondeungdomslaget i Oslo Nynorskens hus i Rosenkrantzgt. 8. i Oslo. Målet er å lage eit nynorsk kulturhus i hovudstaden, i tillegg til dei som alt er der.

29.10. vedtek styret ved Høgskulen i Volda samrøystes ein strategiplan 2015–2018 der «dei nasjonale satsingsområda er yrkesretta medieutdanning, nynorsk i utdanning, forsking og formidling, og fleksible vidareutdanningstilbod», og at høgskulen «skal fremje nynorsk språk og kultur».

31.10. har ei ordbokgruppe sitt første møte. Det er Nynorsk kultursentrum som har invitert representantar for Universitetet i Bergen. Høgskulen i Volda, Det Norske Samlaget, Vennelaget Samlagsrota, Norsk Ordbok 2014 med i ei gruppe som skal utvikle moglege løysingar for språksamlingane og ordbokarbeidet. Seinare blir også representantar for Universitetet i Stavanger og UiT – Noregs arktiske universitet med i gruppa. Det 15. og siste møtet i gruppa blir halde 16.12.2015.

21.11. legg dei fire samarbeidspartia i Stortinget fram sitt samla budsjettforslag for 2015. I forslaget får Nynorsk avissenter i Førde sitt første ordinære driftstilskot frå staten på 2,2 millionar kr (sjå 2013).

27.11. legg Nynorsk kultursentrum fram ei skisse til ein ny driftsorganisasjon for Norsk Ordbok og dei språksamlingane som no er ved Universitetet i Oslo. Den prioriterte løysinga er å leggje språksamlingane til Universitetet i Bergen og ordbokredaksjonen til Høgskulen i Volda (sjå 2015).

28.11. gir vekeavisa Norge IDAG for første gong ut vedlegget Kulturavisa, 24 sider redigert på nynorsk. Ansvarleg redaktør er Finn Jarle Sæle, og det skal bli ei avis «for gjenreising av norsk kultur og demokratideltaking».

4.12. legg kommunalkomiteen i Stortinget fram budsjettinnstillinga si for 2015. Etter at regjeringa Solberg i sitt forslag til statsbudsjett ville stryke heile statstilskotet til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), gjer regjeringspartia, Kristeleg Folkeparti og Venstre no framlegg om å løyve 1,1 millionar kr til LNK. Stortinget sluttar seg til dette 9.12.

9.12. godkjenner Lom kommunestyre samrøystes ein intensjonsavtale med Nynorsk utursentrum om å etablere Diktarhuset i Lom. Kommunestyret løyver samstundes 200 000 kr til eit utviklingsprosjekt som følgjer opp intensjonsavtalen.


Sist oppdatert: 13.01.2017