Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2015

19.1. inneheld Donald Duck & Co. forteljinga «Truet art på fremmed tomt» der rollefiguren Rarill Kriise snakkar nynorsk. Slike innslag har det vore i fleire tidlegare enkeltseriar, som «Tilbake til Gutseplassen» våren 2012, ein serie i eit spesialhefte i 1977, nokre replikkar i ein serie i nr. 14 1966, verselinjer frå diktet «Kubla Khan» av Samuel Taylor Coleridge omsett til nynorsk av Johannes Gjerdåker i serien «Tilbake til Xanadu», utanom klassikaren «Eggmysteriet» i 1963 og fleire temahefte i 1980-åra (sjå 1984).

Rarill Kriise faksimile frå Donald Duck og co.jpg?w=600

Faksimile frå Donald Duck & Co.

20.1. publiserer Aaasentunet.no skriftet A world of languages and written culture av Ottar Grepstad. Skriftet dokumenterer 58 språkmuseum i 30 land i fem verdsdelar, og inneheld dessutan informasjon om 45 nettstader, 30 språkmonument, 19 språkfestivalar og 64 språkdagar eller språkveker. Det går fram av skriftet av Ivar Aasen-tunet er det eldste språkmuseet i verda.

6.2. er det norsk premiere på den dansk-svenske animasjonsfilmen Reisa til Fjørkongens Rike regissert av danske Esben Toft Jacobsen. I Noreg er filmen dubba til nynorsk av distributøren KontxtFilm.

11.2. tek Allkunne over Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane frå NRK Sogn og Fjordane med om lag 7000 artiklar og 14 000 illustrasjonar. Leksikonet har vore utgitt av NRK Sogn og Fjordane sidan 2001 med Ottar Starheim som drivkraft (sjå 2009).

16.2. gir Hermon Forlag ut Det nye testamentet med Salmane i ny omsetjing til nynorsk av Norvald Yri, tidlegare misjonær i Norsk Luthersk Misjonssamband (sjå 2011).

19.2. blir bloggen Utetid av Ingebjørg Nondal frå Odda kåra til den beste bloggen på nynorsk. Bak kåringa står Framtida.no, Norsk Målungdom og Noregs Mållag, og ein jury har kvar veke frå 2014 framheva ein blogg. 12 av desse gjekk vidare til finalen.

21.2. publiserer Aasentunet.no skriftet Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt 1846–2014 av Ottar Grepstad. Skriftet dokumenterer 1262 debutantar.

23.3. skriv sju ordførarar frå seks parti under på eit brev med krav om meir nynorsk på nettstaden Regjeringen.no. Bakgrunnen er at nynorsk frå og med 2014 ikkje lenger er menyspråk for denne nettstaden.

23.3. presenterer Den Norske Turistforening fjellvettreglane på nynorsk etter eit samarbeid med Noregs Mållag. Reglane blei presenterte på bokmål i 1967.

1.5. er det premiere på den danske spelefilmen Skammarens dotter av regissør Kenneth Kainz etter første boka i Skammar-serien av Lene Kaaberbøl, omsett til nynorsk på Samlaget av Øystein Rosse i 2003. For første gong er ein kinofilm teksta parallelt på nynorsk og bokmål. Importør er Nordisk Film Distribusjon, og filmen blir spreidd også som skulekino for 6.–10. steg.

5.5. signerer Dagbladet, Helge Torvund og Nynorsk kultursentrum ein intensonsavtale om at Nynorsk kultursentrum tek over den digitale tenesta Diktkammeret.no med driftsansvar lagt til Olav H. Hauge-senteret. Frå og med 2001 har det vore publisert over ein million innlegg og dikt, og truleg er om lag 250 000 dikt publiserte på nettstaden.

8.5. ligg ei nynorsk omsetjing føre av den offisielle songen til 200-årsjubileet for Grunnlova. «Det går eit festtog gjennom landet!» er omsett av Gudrun Kløve Juuhl og Anne Steinsvik Nordal. Originalteksten er skriven av Grethe Myhre Skottene.

3.7. kunngjer Kulturdepartementet at Åse Wetås er tilsett som ny direktør i Språkrådet. Ho tek til i stillinga 1.12.

24.8. signerer ordførarane i Vågå, Lom og Skjåk kommunar og styreleiaren i Nynorsk kultursentrum ein intensjonsavtale om å utvikle Diktarhuset som eit nasjonalt senter for litteratur, dialektar og nynorsk i Lom. Kommunane tok initiativ til eit slikt prosjekt i 2011.

9.9. blir Nynorsk kultursentrum kåra til Årets museum 2015. Prisen er blitt delt ut av Norges Museumsforbund kvart år sidan 1997, og ein uavhengig jury står bak kåringa.

10.9. er det Noregs-premiere for den estiske spelefilmen Der vindane møtes regissert av Martti Helde med undertekstar på nynorsk. Importør er Fidalgo.

26.9. tek utgivinga av Språkfakta 2015 til på Aasentunet.no. Siste kapittel blir publisert 15.10. Verket er skrive og redigert av Ottar Grepstad og inneheld 867 tabellar om utbreiing av språk gjennom 5000 år, ein innleiande språkplakat, 19 kapittel med analysar av alt statistisk materiale, 38 korte artiklar og eit avsluttande essay om dokumentasjon av språk gjennom 5000 år (sjå 1998, 2005 og 2010).

27.10. får Jon Fosse Nordisk råds litteraturpris for trilogien Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd, utgitt på Det Norske Samlaget 2007–2014. Statsminister Erna Solberg gratulerer vinnaren med si første Twitter-melding på nynorsk (sjå 1965, 1978).

Fosse Jon portrett Nordisk Råds litteraturpris 2015.jpg?w=600

Skjermdump frå NRK.

29.10. presenterer Huseiernes Landsforbund husleigekontrakt for bustader på nynorsk. På drivar har vore Ola Fuglestad, melder NRK Sogn og Fjordane.

17.11. gir Det Norske Samlaget i samarbeid med Egmont Publishing ut det litterære juleheftet Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør. Bladet er trykt i 40 000 eksemplar og er utselt frå forlaget før jul. Namnet er henta frå eit julehefte som blei gitt ut 1881–1936 og 1941–1944. Dette var eit nordisk blad som kom ut i København, og som frå 1895 hadde eigne redaktørar for Noreg og Sverige.

23.11. blir det kjent at Kunnskapsdepartementet flyttar språksamlingane til Universitetet i Bergen saman med seks millionar kroner i året som blir tekne frå løyvinga til Universitetet i Oslo. Dette er dei største språksamlingane i Noreg, Frå og med 1972 har Stortinget løyvt store midlar til å byggje opp samlingane, som inneheld dokumentasjon av språk i Noreg frå 1600-talet. Avgjerda opnar også for at det redaksjonelle arbeidet med Norsk Ordbok kan halde fram (sjå 2014).

24.11. kl. 16.38 sender restane av redaksjonen i Norsk Ordbok 2014 eit komplett manuskript til band 12 av Norsk Ordbok til Det Norske Samlaget (sjå 1966).

10.12. gir Kulturdepartementet oppdraget med å skrive brukarrettleiing for den trykte utgåva av Norsk Ordbok til Høgskulen i Volda. Etter fleire pålegg frå Kulturdepartementet har Universitetet i Oslo likevel sagt frå seg dette oppdraget, som var ein del av løyvinga til Norsk Ordbok i 2015.

Først publisert: 05.01.2016
Sist oppdatert: 06.06.2017