Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2017

17.1. blir Sogn og Fjordane og Hordaland samde om ein intensjonsavtale for ei eventuell samanslåing av dei to fylka til ein region. I avtalen heiter det at «Nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar. Lokale skilnader i kultur vil, og skal framleis vere, viktig og eit felles mål å ta vare på» og at «Nynorsk vert administrasjonsspråk og statleg tenestespråk for den nye regionen».

23.3. presenterer Hordaland Teater ein plan for nytt teater med 450 sitjeplassar i Logen i Bergen som skal stå ferdig i 2019. Planen er å gjere dette til eit kraftsenter for nynorsk språk og kultur på Vestlandet. Teateret finansierer heile byggjesummen på 60 millionar av eigne midlar.

1.5. tek Solrun Toft Iversen til som teatersjef ved Hordaland Teater i Bergen. Ho har nyleg vore dramaturg ved Den Nationale Scene i Bergen og konstituert sjef ved Sogn og Fjordane teater i Førde. Målet er minst ein ny nynorsk urpremiere i året.

3.5. lanserer Skald forlag ein bokklubb for nynorske verdsklassikarar. Frå 2016 har forlaget utvikla ein serie med klassikarar omsette til nynorsk. Bokklubben blir lansert då forlaget presenterer den tredje boka i serien, Dei døde av James Joyce

8.5. får Dag og Tid Stiftinga Fritt Ords Pris 2017 «for å skapa grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg alvorleg, set sine eigne dagsordenar og er eit raust rom for særs ulike røyster». Med eit opplag på over 11 000 har vekeavisa om lag 40 000 lesarar. Prisen er på 400 000 kroner og Fritt Ord-statuetten, laga av Nils Aas.

12.5. vedtek LO-kongressen eit handlingsprogram 2017–2021 med den same språkpolitiske formuleringa som i 2013: «LO vil arbeide for likestilling mellom nynorsk og bokmål. Dette inneber at alle skal kunne bruke sin målform i arbeidslivet, at det blir god opplæring i begge målformer i skolen, og at mållova følges i praksis.» I tillegg vedtek kongressen at nynorsk skal ha ein naturleg plass i LO og forbunda sine skriftlege framstillingar (sjå 19812013).

22.5. lanserer SwiftKey iOS-tastatur til iPhone, iPad og iPod touch med nynorsk rettskriving  og følgjer med det op tilbodet om nynorsk tastatur for Android-telefonar frå året før. Initiativet kom frå Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Programvara er gratis og kan lastast ned frå App Store og Google play. Mobiltastaturet finst på over 100 språk på 250 millionar einingar over heile verda.

19.6. signerer Nynorsk kultursentrum overtakingsavtale for Litteraturdagane i Vinje med verknad frå 1.1.2018. Festivalen har vore arrangert annakvart år sidan 2001 av medlemslaget Litteraturdagane i Vinje .

19.6. signerer ordførarane i Ålesund, Skodje, Årskog, Haram og Sandøy ein intensjonsavtale om å bli ein kommune frå 1. januar 2020. Der heiter det at «kommunen skal ha nynorsk som målform i tråd med reglar for målbruk, slik dei går fram av vedlegg til denne intensjonsavtalen». I vedlegget «Reglar for målbruk i nye Ålesund kommune» heiter det mellom anna at kommunen vil krevje nynorsk som språk frå staten, at kommunen skal bruke nynorsk i informasjon, og at alle private rettssubjekt skal få svar på sitt språk (sjå 2019). 

14.9. blir bymisjonsprest Kari Veiteberg vald til ny biskop i Oslo bispedømme med 11 av 15 stemmer under møtet i Kyrkjerådet. For første gong er det like mange kvinner og menn mellom biskopane.

29.9. markerer Hordaland Teater med mein festkveld at teateret no har flytta frå Fana til teaterhuset Logen i Bergen sentrum. På scena står mellom andre Helge Jordal, Karoline Krüger og Claus Sellevoll.

3.10. blir Kristian W. Rantala frå Bø i Telemark tilsett som dagleg leiar ved Vinje-senteret for dikting og journalistikk i Vinje i Telemark. Rantala tek til i stillinga 2.1.2018.

17.10. kjem første digitale utgåve av Framtidajunior.no med Espen Udland som ansvarleg redaktør. Bak den nye nynorskavisa står Landssamanslutninga av nynorskkommunar og ABC Startsiden i samarbeid med ABC Startsiden, Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland. Avisa er blitt til med støtte frå Sparebanken Vest, Utdanningsdirektoratet og Kulturdepartementet.

20.10. debuterer Stein Torleif Bjella med diktsamlinga Jordsjukantologien nr. 1 på Forlaget Oktober.

1.11. tek Peder Gammeltoft til som leiar for språksamlingane ved Universitetet i Bergen. Språksamlingane sorterer under universitetsbiblioteket. Gammeltoft kjem frå stilling ved universitetet i København og har skrive doktoravhandling om stadnamnet bolstad i Storbritannia (sjå 2014, 2015, 2016). 

3.11. kjem første nummer av papiravisa Framtida Junior, trykt i om lag 57 000 eksemplar. Avisa blir spreidd til abonnentane og som istikk i Hallingdølen, Hordaland og Sogn Avis, dessutan i stordistribusjonen til avisene Sunnhordland og Os og Fusaposten.

14.12. vedtek Vinje kommunestyre med 21 mot fire røyster å løyver fire millionar til bygging av Vinje-senteret i 2018 og 16  millionar i 2019. Tidlegare i same møtet har kommunestyret med 24 mot ei ryst vedteke å løyve fire millionar til same føremål i revidert investeringsbudsjett for 2017.

19.12. signerer Norsk Målungdom og Nynorsk kultursentrum ein kjøps- og støtteavtale som inneber at Nynorsk kultursentrum tek over domenet Nynorsk.no frå 1.10.2018. Norsk Målungdom kjøpte domenet i 1998. 

Først publisert: 16.07.2018
Sist oppdatert: 14.01.2020