Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2018

14.1. legg Framstegspartiet, Høgre og Venstre fram den såkalla Jeløyplattforma for ei ny regjering der Venstre er med. Partia går mellom anna for å fremje ei ny språklov. 

21.1. vedtek Bergen bystyre mot røystene frå Framstegspartiet ein plan for meir bruk av nynorsk i kommunen og byen. Planen er svar på ein interpellasjon frå Njaal H. Neckelmann (V) i juni 2016 (sjå 2016). Nokre av tiltaka er at tilsette i Bergen kommune kan sjølve velje om dei vil skrive nynorsk eller bokmål, innbyggjarane skal få svar på det språket som dei skriftleg vende seg til kommunen med, ti prosent av all utoverretta kommunikasjon frå kommunen skal vere på nynorsk, barna skal tidleg møte nynorsk i både barnehage og skule, og ved endringar i skulestrukturen skal kommunen syte for at elevar med nynorsk som førstespråk kan halde fram med det.

1.2. legg Vinje kommune fram program, mål og strategi for Vinje-jubileet 2018. Så langt er om lag 200 arrangement planlagde. Vinjesenteret.no (ekstern peikar) er den offisielle nettstaden for jubileet, og jubileumslogoen er laga av byrået Tank (sjå 2014). 

2.3. legg Arve Sandal og Terje Gilleshammer i møte i Nynorskfylket fram ein første plan for å skipe Nynorskhuset i Førde. Det skal gjerast ved å samlokalisere mellom andre NRK Sogn og Fjordane, Firda, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter og Sogn og Fjordane Teater. 

6.4. opnar hovudmarkeringa i Vinje-jubileet 2018 i Vinje. Arrangementet blir avslutta 8.4. og har då samla om lag 1200 gjester (sjå 2014).

19.4. presenterer prosjektkoordinator Arve Sandal for Førde formannskap skisseprosjekt frå fem arkitektkontor til det planlagde Nynorskhuset i Førde. Målet er å «byggje eit nasjonalt fyrtårn for det nynorske språket». 

25.4. opnar Det Norske Samlaget Nasjonalt lesedøgn på Bolteløkka skole i Oslo. 6918 elevar på 1.–4. steg ved nærmare 200 skular er med, og dei har lese 708 260 sider då aksjonen blir avslutta 27.4. 

28.4. feirar Det Norske Samlaget 150-årsjubileum med jubileumsframsyning og fest på Det Norske Teatret i Oslo (sjå 1868).

24.5. gjer Vinje formannskap rammevedtak for den vidare planlegginga av Vinje-senteret. Eit første formelt byggjemøte blir halde i Vinje 24.6. (sjå 2017).

28.5. offentleggjer leiinga i Aftenposten nye språkreglar som mellom anna inneber at tilsette kan skrive nynorsk i redaksjonelt stoff. Sjefredaktør Espen Egil Hansen seier at dei nye retningslinjene skriftfestar ein praksis som avisa har vore styrt etter i fleire år. Dei kjem som ein konsekvens av samarbeid med Bergens Tidende, ein ny generasjon journalistar og ein meir mangfaldig mediekvardag. I retningslinjene heiter det at «Aftenpostens hovedspråk er moderat bokmål (Norsk ordbok, Kunnskapsforlaget). Det skal som hovedregel brukes av alle avisens medarbeidere». Vidare heiter det at «nynorsk kan brukes av Aftenpostens medarbeidere i enkeltstående kommentarer, reportasjer og intervjuer. Denne bruken skal avklares med linjeredaktør» og at «innkjøpte nynorsktekster og saker som våre samarbeidsaviser har skrevet på nynorsk, skal som hovedregel ikke oversettes til bokmål. Tekstene bør justeres i tråd med normen i Nynorskordboka.» Som før skal «innsendte debattinnlegg og kronikker publiseres i den målform innsenderen selv har valgt. Det samme gjelder bidrag fra anmeldere og kommentatorer som ikke er ansatt i Aftenposten.»

28.5. gir Det Norske Samlaget ut Nynorsk litteraturhistorie av Jan Inge Sørbø

6.6. blir Ottar Grepstad utnemnd til Riddar 1. klasse av den kongelege norske St. Olavs orden for «sin innsats for å fremme nynorsk språk, litteratur og skriftkultur». Fylkesmann Lodve Solholm overrekkjer utmerkinga i Ivar Aasen-tunet (sjå 2011).

7.6. vedtek styret i Nynorsk kultursentrum å tilby Per Magnus Finnanger Sandsmark stillinga som ny direktør i Nynorsk kultursentrum etter at Ottar Grepstad sa opp stillinga si 5.2. med verknad frå 1.11. Sandsmark takkar ja, og tilsetjinga blir offentleg 11.6. (sjå 1999).

7.7. presenterer Arve Sandal plan for Nynorskhuset i Førde for kulturminister Trine Skei Grande i eit møte under Førdefestivalen. Grande er positiv til slikt samarbeid i ei klynge. Frå august tek tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte over som prosjektkoordinator, og etter planen skal Nynorskhuset stå ferdig i 2022. 

13.8. gir det nye forlaget Gloria ut den første boka si, romanen Svartstilla av debutanten Susanne Skogstad, skriven på nynorsk. 

23.8. presenterer Allkunne temasider om nynorsk skjønnlitteratur 1848–2018 ved eit arrangement på Bø vidaregåande skule i Telemark. Grunnlaget er Nynorsk litteraturhistorie av Jan Inge Sørbø. Temasidene inneheld åtte periodeartiklar, tolv kvissar og over 900 oppdaterte forfattarbiografiar.

25.9. legg Hordaland Teater fram ein plan for å bli Nynorskhuset i Bergen og gjere baren i Logen til ein nynorsk samlingsstad. Teateret opna i nyombygde lokale i Logen 29.9.2017. No har teateret søkt Bergen kommune om 1,2 millionar til prosjektet, som dels byggjer på erfaringar frå Kulturhuset Stadsteatern i Stockholm.

26.9. signerer TV 2 og Kulturdepartementet ein konsesjonsavtale om TV 2 som allmennkringkastar 2019–2023. I avtalen heiter det at «begge de offisielle norske målformene skal benyttes». I kommentarar til avtalen blir dette mellom anna presisert til at både nynorsk og bokmål skal brukast i eigen tekstproduksjon som skjermvignettar, teksting av film og oppslag på TV2.no. 

27.9. kunngjer Sandefjord-firmaet Russeservice at dei innan 14 dagar fjernar eit påslag på 100 kroner for russekort med nynorsk tekst. Firmaet har dei siste dagane hausta mykje kritikk for prisskilnaden, som Firda Målungdom tok opp 25.9.

28.9. markerer Nynorsk kultursentrum 25-årsjubileet sitt med ope jubileumsseminar i Ivar Aasen-tunet og festmiddag for 110 inviterte gjester om kvelden. Seminaret opnar med Ottar Grepstads jubileums- og avskilstale «Prinsippet makt» (sjå 1993). 

28.9. kunngjer kulturminister Trine Skei Grande i ei helsing til 25-årsjubilanten Nynorsk kultursentrum at regjeringa i statsbudsjettet for 2019 føreslår å løyve 8,4 millionar til bygging av Vinje-senteret (sjå 2016). 

8.10. legg regjeringa Solberg fram forslag til statsbudsjett 2019. I tillegg til 8,4 millionar til bygging av Vinje-senteret føreslår regjeringa også å løyve 6,0 millionar til vedlikehald av Nynorskordboka og Bokmålsordboka, og 2,0 millionar til digitalisering av Norsk Ordbok (sjå 2016). Familie- og kulturkomiteen i Stortinget sluttar seg samrøystes til forslaget i si budsjettinnstilling 6.12.

1.11. tek Per Magnus Finnanger Sandsmark til som direktør i Nynorsk kultursentrum. 

21.11. legg Språkrådets framtidsutval under leiing av Unn Røyneland fram rapporten Språk i Norge – kultur og infrastruktur (sjå 2005). Med språkmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg språkpolitikk frå 2008 som utgangspunkt framhevar utvalet at dei norske språka er truga av engelsk, og utvalet legg fram ei rekkje tiltak for å endre dette. Store mengder språkdata for tale og skrift må samlast inn og stillast til rådvelde for mellom anna talesyntese og talegjenkjenning på nynorsk, bokmål og dialektar. Vidare rår utvalet mellom anna til at norsk skal vere obligatorisk språk i grunnskulelærarutdanningane for å sikre dei språklege rettane til alle barn for både bokmål og nynorsk. Rapporten blir eit av grunnlagsdokumenta for ny språkmelding og språklov.

23.11. legg kulturminister Trine Skei Grande fram kulturmeldinga Kulturens kraft (sjå 2003). Der heiter det at det er «ein rikdom å ha to norske skriftkulturar – bokmål og nynorsk». Vidare skriv regjeringa: «Både bokmål og nynorsk er under press frå engelsk. I tillegg er nynorsk på ulike måtar under press frå bokmål. Det er behov for ein overordna og aktiv språkpolitikk som balanserer maktforholda mellom ulike språklege hegemoni.»

4.12. vedtek Sogn og Fjordane fylkesting samrøystes å støtte arbeidet for det planlagde Nynorskhuset i Førde. Som deleigar av Sogn og Fjordane Teater gir fylkeskommunen teateret lov til å gjere ein intensjonsavtale om å bli med på prosjektet. Frå før er det klart at NRK Sogn og Fjordane, Firda, NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter blir med. 

5.12. gjer fylkestinget i Telemark fylkeskommune dette samrøystes vedtaket: «Telemark fylkeskommune innvilger kr 2 mill som investeringstilskudd til Vinjesenteret» (sjå 2016).

6.12. viser ein samla familie- og kulturkomité i Stortinget i si innstilling om statsbudsjett for 2019 «til satsingen på bygging av nytt Vinje-senter for dikting og journalistikk i Vinje. Dette er en svært positiv satsing som skal dokumentere saksfelt ingen andre museer i dag dekker – romaner og noveller på bokmål og nynorsk, fortellinger om journalistikk som ingen andre har formidlet før, og forholdet mellom dikting og journalistikk. Midlene satt av til å etablere en avdeling av Nynorsk kultursentrum i Vinje i 2017, basisutstilling i 2018 og bygg i 2019 er avgjørende for å kunne realisere prosjektet. Komiteen vil likevel påpeke at Vinje-senteret bare har én fast ansatt, og at midler til drift ikke har økt i takt med midlene til utstilling og bygg. Videre utvikling av innholdet vil være avhengig av at det også fremover settes av friske midler til drift.»

12.12. gir Kulturdepartementet eit ekstratilskot på 800 000 kroner til Nynorsk Pressekontor i 2018. Tilskotet skal gå til arbeidet med å utvikle ein nynorskrobot for automatisk omsetjing av tekstar frå bokmål til nynorsk.

12.12. vedtek Vinje kommunestyre med 22 mot 2 røyster ei samla investeringsramme på 33 millionar inkl. mva til bygging av Vinje-senteret i perioden 2019–2022 (sjå 2017). Løyvingar frå staten og fylkeskommunen på 10,4 millionar kjem til frådrag. 

12.12. vedtek Stortinget samrøystes å løyve 8,4 millionar i statleg investeringstilskot til bygging av Vinje-senteret. 

Først publisert: 24.01.2019
Sist oppdatert: 14.01.2020