Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2019

17.1. legg dei fire partia Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre fram Granavolden-erklæringa, ei fellesplattform for regjeringa Solberg der no også Kristeleg Folkeparti er med. Dokumentet ligg etter kvart føre på både bokmål og nynorsk.

15.3. har filmen Skammarens dotter II premiere i Noreg. Som del I er også denne filmen teksta på nynorsk og bokmål av Euforia Film (sjå 2015).

11.4. vedtek formannskapet i Vinje kommune med seks røyster mot ei røyst å setje i gang arbeidet med Vinje-senteret. Prosjektet er lyst ut med anbodsfrist 10. mai, og ein reknar med at det vil ta om lag eit år å byggje Vinje-senteret (sjå 2016).

7.5. skriv representantane for dei fire regjeringspartia Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre i Innst. 258 S (2018–2019) om Meld. St. 8 (2018–2019) frå familie- og kulturkomiteen: «Flertallet er positive til at meldingen anerkjenner rikdommen Norge har med to norske skriftkulturer og skriftspråk – nynorsk og bokmål. Flertallet mener at i arbeidet med den kommende språkloven og språkmeldingen er det viktig med målrettede tiltak som bedrer situasjonen for nynorsk og nynorskbrukerne, som er i mindretall.»

24.5. legg forfattaren Oda Malmin og journalisten Espen Moe Breivik saman ned grunnstein for Vinje-senteret i Vinje (sjå 2016).

29.5. tek betalingstenesta Vipps i bruk nynorskord i kodesystemet for Bank-ID etter at forfattaren Øystein Hauge tok initiativet i slutten av februar. Den som loggar inn med Bank-ID på mobil, får ein tilfeldig kombinasjon av ord frå to lister – ei med adjektiv, ei med substantiv. Frå no av inneheld desse listene ikkje berre bokmålsord, men også nynorskord (sjå 2004).

5.8. tek Tone Slenes til som dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet. Ho tek over etter Gaute Øvereng, som har vore dagleg leiar frå 2011, og som 1. april gjekk over i ei ny stilling som administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum (sjå 2011).

23.8. sender regjeringa Solberg eit framlegg til ny språklov ut på høyring med høyringsfrist 15. november. Språklova skal erstatte mållova av 1980 (sjå 1980).

11.9. blir Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, Miljøpartiet Dei grøne, Raudt og Venstre samde om ein fleirtalskoalisjon i nye Ålesund kommune. Frå 1. januar 2020 går Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy saman i den nye storkommunen. Fleirtalet står fast ved ein intensjonsavtale frå 2017 som inneber at Ålesund kommune krev nynorsk frå staten og sjølv skal ha nynorsk som administrasjonsspråk.

15.11. går høyringsfristen ut for framlegget til ny språklov frå regjeringa Solberg. I alt har Kulturdepartementet fått 115 fråsegner.

19.11. vedtek Vestfold og Telemark fylkesting med 60 røyster mot 1 røyst at den nye fylkeskommune skal vere språknøytral. Med 49 røyster mot 12 røyster bed fylkestinget prosjektleiaren «utarbeide framlegg til språkbruksplan for språkmangfold og klar tale i Vestfold og Telemark fylkeskommune. Planen utarbeides itrå med norsk språklover som bl.a legger opp til min 25 % nynorsk. Planen leggast fram for fylkestinget.»

12.12. vedtek Ålesund kommunestyre med 41 mot 35 røyster at staten skal bruke nynorsk til den nye kommunen frå 1. januar 2020. Administrativt skal kommunen bruke nynorsk på nettstad og i intranett, i kunngjeringar, reglar og retningslinjer, medan tilsette kan skrive bokmål eller nynorsk etter eige ønske i sakshandsaminga, private rettssubjekt får svar på deira eige språk, og retningslinjer skal fastsetjast i ein språkbruksplan før 1. juli 2020. Med nær 66 000 innbyggjarar er dette den største kommunen som nokon gong har kravd nynorsk frå staten og lagt til grunn nynorsk for eigen administrasjon (sjå 2017).

16.12. lanserer Ålesund kommune nettstaden for den nye storkommunen med stoff på både nynorsk og bokmål.

18.12. lyser Nynorsk kultursentrum ut anbod for basisutstilling med digitale løysingar  i Vinje-senteret. Fristen for anbod er 23. april 2020, og kontrakten går fram til 31. desember 2021 (sjå 2016).

Først publisert: 09.01.2020
Sist oppdatert: 14.01.2020