Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1739

23.1. fastset Kongen ei skuleforordning for Danmark-Noreg som inneber at alle born skal lære å lese trykt tekst og få religionsundervisning. 29.4.1740 blir forordninga oppheva fordi det manglar pengar til å gjennomføre ordninga. I staden blir det opp til godseigarane (i Noreg bøndene) kva slags skulesystem dei vil etablere for sine område. Undervisningsplikt for alle barn blir ikkje innført att før Noreg går ut av danskeunionen i 1814. Utbreiinga av skrifter generelt og utviklinga av former for undervisning gjer likevel at i andre halvdel av 1700-talet er lesekunna utbreidd i allmugen.
 
Historikaren Jakob Langebek får kongeleg støtte til å lage ei dansk ordbok  der alle ”gode, rene, overalt brugelige og upaatvivlelige Danske Ord” skal vere med. Arbeidet stoppar opp i 1750-åra (sjå 1776).


Sist oppdatert: 22.10.2009