Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1770

14.9. fastset J. F. Struensee i eit reskript at det skal vere prente- og skrivefridom i det dansknorske kongeriket. Anordninga blir oppheva i 1773 (sjå 1771).
 
Døleviser kjem ut – ei samling viser og dikt på dialekt av gudbrandsdølen Edvard Storm.
 
Kongen fastset at Ove Mallings Store og gode Handlingar af Danske, Norske og Holstenere (1777) skal vere skrivemønster for dansk i skulen. Dette er det første vedtaket som normerer dansk rettskriving.


Sist oppdatert: 05.02.2010