Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1776

16.4. tek Henrik Holmstierne på eit møte i Det Kongelige Danske Videnskabers Selskab opp behovet for å føre vidare det ordbokarbeidet som Jakob Langebek hadde vore i gang med frå 1739 til ut i 1750-åra (sjå 1739). Sunnmøringen Ole Strøm, bror til Hans Strøm, får i oppdrag å føre arbeidet vidare.  
 
28.11. skriv tidlegare kabinettsekretær Ove Høegh-Guldberg brev til vitskapsselskapet der han justerer retningslinjene for ordboksarbeidet og opnar for meir ordtilfang også frå dialektane.


Sist oppdatert: 22.10.2009