Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1777

22.1. blir planen for den danske ordboka fastsett (sjå 1739, 1776). Det blir slått fast at ”Provincial Ord og Talemaader, der kunde tiene til at berige Sproget, og som formedelst deris Eftertryk, Nethed og Rarhed udmerke sig, bør også undes et Sted i denne Ordbog”. Det same gjeld ”gemeene  Ord og Talemaader”. I praksis kjem berre dei dialektorda med som alt er skriftfesta i litteraturen. Det fører til at fleire etterlyser meir frå norske dialektar når første bandet ligg føre i 1793 (sjå 1794, 1795).


Sist oppdatert: 22.10.2009