Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1806

I eit manuskript av språkforskaren og økonomen Gregers Fougner Lundh frå Hadeland heiter det at dei norske dialektane er så rike på ord og uttrykk at dei bør samlast til eitt nytt språk. Rikdomen i mangfaldet av norske dialektar ”vilde især kunde overbringes paa det vordende nye Sprog, naar det dannedes ei allene af een D. [Dialekt], men ved af de mange forskjellige Mundarter at samle det Bedste og Fortrinligste”. Manuskriptet blir først utgitt av Sigurd Kolsrud i 1954, men iallfall delar av innhaldet var truleg kjent alt for Henrik Wergeland.


Sist oppdatert: 22.10.2009