Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1841

2.8. møter Ivar Aasen biskop Jacob Neumann i Bergen og orienterer han m.a. om studiane sine i sunnmørsmålet. Samtalane fører til at Neumann skriv om Aasen i Bergens Stiftstidende, og frå Neumann får formann Frederik Moltke Bugge i Det Kgl. Norske Videnskabers Selskab i Trondheim vite om Aasen og planane hans.
 
21.8. prentar Bergens Stiftstidende «Selvbiografi» av Ivar Aasen som ein del av biskop Jacob Neumanns artikkel «Ivar Aasen». Dette er det første stykket av Ivar Aasen i ei avis. 


Sist oppdatert: 25.11.2011