Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1845

30.6. prentar Den Constitutionelle første del av artikkelen ”Om Indførelsen af en forbedret Retskrivning i vort Folkesprog” av Peter Andreas Munch, med framhald 3.7. og 5.7. Han vil ikkje lenger leggje éin dialekt til grunn for eit nytt skriftspråk, slik han hadde gjort i ein artikkel i 1832. No vil han samanlikne ”vore fornemste saakaldte Dialecter med det ældre norske Sprog og sig sjølv indbyrdes” for å fastsetje rettskrivinga for eit nytt norsk språk. 
 
Gammalnorsk blir jamstelt med hebraisk på Universitetet i Kristiania.


Sist oppdatert: 22.10.2009