Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1853

26.3. skriv sokneprest Otto Theodor Krogh på Vestnes i Romsdal i eit innlegg i Morgenbladet at han har fått kyrkjesongar og lærar Ivar Brovold i Tresfjord til å omsetje to evangelietekstar til «ægte Tresfjordsk», ein romsdalsdialekt (sjå 1868).
 
16.4. prentar Den norske Tilskuer  ”Påskesalme” av Aasmund Olavsson Vinje. Dette er den første originalsalmen på landsmål, her i telemarksmål (sjå 1855).
 
20.6. gir Ivar Aasen ut Prøver af Landsmaalet i Norge på eige forlag. Her lanserer han grunntrekka i sin normal for landsmålet.

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 22.02.2010