Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1855

19.2. skriv Ivar Aasen for første gong eit brev på sunnmørsdialekt, til Maurits R. Aarflot i Volda (sjå 1856 og 1861).
 
29.4. har skodespelet Ervingen av Ivar Aasen premiere i Det norske Theater, Kristiania.
 
I desember prentar Folkevennen Luther-salmen ”Vaar Gud han er vaar faste Borg” omsett av Ivar Aasen, i artikkelen ”Mere om Salme-Sagen” av Ole Vig. Dette er den første salmen omsett til landsmål (sjå 1853). Elias Blix omset same salmen i Nokre Salmar i 1869 under tittelen ”Vaar Gud han er so fast ei Borg”.


Sist oppdatert: 22.10.2009