Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1868

9.1. prentar Den norske Folkeskole juleevangeliet på landsmål, omsett av seinare biskop Anton Chr. Bang. Dette er den første bibelomsetjinga til landsmål som blei prenta.
 
21.1. blir Vestmannalaget skipa av 36 personar i Bergen med Henrik Krohn som første formann.
 
24.3. blir Det Norske Samlaget skipa av meir enn 100 frammøtte i Kristiania med H. E. Berner som første formann. Den første boka frå forlaget er Søgnir fraa Hallingdal, samla av J. E. Nielsen.
 
16.12. blir det første kjende rettsdokumentet på landsmål tinglese: A. O. Vinjes pantebrev på Eidsbugarden – med sitt innslag av skjemt.
 
Kristofer Janson gir ut den første romanen på landsmål, Han og ho, på Ed. B. Giertsens forlag i Bergen.
 
Den første boka omsett til landsmål frå eit ikkje-nordisk språk, kjem ut i Bergen: John Bunyans Pilgrimsferd or denne Verdi til den komande, omsett av Georg Grieg.
 
Georg Grieg gir ut si omsetjing av Martin Luthers litle katekisma på F. Beyers Forlag i Bergen.
 
Det første frilyndte ungdomslaget, Mølju, blir skipa i Sel i Gudbrandsdalen etter initiativ frå Ivar Blekastad.


Sist oppdatert: 22.10.2009