Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1869

16.2. godkjenner Kyrkjedepartementet Magnus Brostrup Landstads Kirke-salmebog med 634 salmar, alle på dansk.
 
23.3. kjem første utgåva av Nokre Salmar, gamle og nye av Elias Blix ut på Det Norske Samlaget i Kristiania. Heftet inneheld 13 salmar. 4. utgåva kjem ut i 1891, no med 150 salmar.
 
7.4. vedtek Odelstinget gammalnorsk som valfritt fag i den høgre skulen.
Framlegg om dette blei vraka i 1862 etter at Kongen i 1860 nekta å sanksjonere eit slikt vedtak.
 
Den første læreboka på nynorsk, Lesebok i Landsmaalet av Olav Paulson, kjem ut på Ed. B. Giertsens forlag i Bergen.


Sist oppdatert: 22.10.2009