Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1875

29.5. kjem tredje utgåva av Symra av Ivar Aasen, med notetillegg av J.N. Kobberstad og eiga utgåve for blandakor av Chr. Haslerud.
 
I juli kjem dei to einaste nummera av bladet Finnmarkingen i Vadsø med Karl Akre og Ananias Brune som redaktørar.           
 
14.12. publiserer Bud for Menigmand omsetjingar av «Deilig er jorden» og «Alltid freidig» til landsmål av Klaus Høyem.
 
Elias Blix publiserer ”No livnar det i lundar” og ”Med Jesus vil eg fara” i 2. utgåva av Nokre Salmar.
 
Bonden Per Bø i Gausdal utfordrar så vel prost og amtmann ved å skrive ei rekkje brev til offentlege styresmakter på landsmål. Justisdepartementet gir amtmannen rett i at dette språket ikkje kan brukast i offentleg teneste, og Kyrkjedepartementet melder via amtmannen at dei nektar å svare på brev som er skrivne på landsmål. Per Bø døyr i 1878.
 
Olav J. Høyem omset Grunnlova til landsmål (sjå 1901).

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 03.03.2010