Eit språk blir til: 1877
6.10. kjem første nummeret av avisa Fedraheimen, med Arne Garborg som redaktør. Siste nummeret kjem i mars 1891. Då har minst 12 personar vore med og redigert bladet.
13.11. blir det første skule- og studentmållaget, Målvinarlaget ved Stord lærarskule, skipa med Oddmund Vik som første formannen.
24.11. prentar Fedraheimen «Den fyrste songenA av Per Sivle.
21.12. annonserer Alb. Cammermeyers Forlag i Kristiania ei ny bok av Arne Garborg – Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse. Et Forsøg paa en omfattende Redegjørelse, formet som polemiske Sendebreve til Modstræverne. Boka er utgitt i kommisjon på forlaget.
Sist oppdatert: 07.08.2020