Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1878

14.2. oppmodar 36 stortingsrepresentantar Stortinget om å slå fast at undervisninga i allmugeskulen «saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talemaal» (sjå 1879). Bakgrunnen var eit krav om dette frå innbyggjarar i Bygland i Setesdal og reaksjonar på utsegner frå skuledirektøren i Trøndelag, Jacob Aall Bonnevie, året før.
 
14.5. vedtek Stortinget samrøystes å be regjeringa sjå til at læreplanane fastset at ”Undervisningen i Almueskolen bør saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talemaal. Efterhaanden opøves de i at forstaa og skriftlig at udtrykke sig i Bogsproget” (sjå 1879). Bakgrunnen var eit krav om dette frå innbyggjarar i Bygland i Setesdal.
 
15.5. står «Norsk Fedralandssong» (Gud signe Noregs land) av Arne Garborg på prent i Fedraheimen.
 

7.12. prentar Fedraheimen første del av debutromanen Ein Fritenkjar av Arne Garborg. Siste delen står på trykk 2.4.1878. Romanen kjem i bokform i kommisjon hos Alb. Cammermeyer i 1881 (sjå 1881). 

For første gong nyttar ein kommunal etat, likningskontoret i Hylestad i Setesdalen, landsmål (sjå 1879 og 1880).

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 07.08.2020