Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1879

19.7. melder Andreas Hølaas under signaturen A.H. den nye boka Norigs Soga. Til Heimelesning og Bruk fyr Lærarar av Steinar Schjøtt i Fedraheimen. Det Norske Samlaget gir ut denne første boka av Schjøtt, og den kjem i åtte utgåver fram til 1920

8.8. sender Kyrkjedepartementet ut rundskriv om at «Undervisningen i Almueskolen saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talesprog» (sjå 1878).

6.9. gir amtmann N. Bonnevie skarp påtale til likningskontoret i Hylestad: «Saadanne Sprogøvelser kunne have Interesse, men høre ikke hjemme i offentlige Protokoller» (sjå 1878 og 1880).

9.9. skriv Bergens Tidende at Marius Hægstad har gitt ut Norsk Maallæra elder Grammatik i Landsmaalet på eige forlag. Boka kjem i 11 utgåver.

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 07.08.2020