Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1880

6.1. avviser likningsnemnda med støtte i Grunnlova kritikken frå amtmannen (sjå 1878 og 1879).
 
Johan Wilhelm Eide skipar J.W. Eides Forlag for å gi ut den første ABC-boka på landsmål, ABC-Bok av Andreas Austlid, vinnar i ein konkurranse utlyst av Vestmannalaget. Førsteopplaget er på 4000 eksemplar. Boka blir raskt teken i bruk mange stader og kjem i ny utgåve 1888.
 
S. G. Griggs of Chicago gir ut den første landsmålsboka omsett til engelsk, The Spell-Bound Fiddler (Den Bergtekne frå 1876) av Kristofer Janson.
 
Edvard Grieg publiserer opus 33, 12 Vinje-melodier til dikt av A. O. Vinje.


Sist oppdatert: 22.10.2009