Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1882

Om vinteren er Blix ferdig med prøveomsetjinga frå Bibelen (sjå 1881).
 
Det første lærarkurset i landsmål blir halde, ved Sogndal folkehøgskule med Andreas Austlid i spissen for lærekreftene. Det er vedtaket frå 1878 om at elevane skulle kunne bruke heimemålet sitt i allmugeskulen som gjer at lærarane må utvide språkkunnskapane sine.
 
26.10. får Ivar Aasen det trykte eksemplaret av Romarbrevet frå Bibelen, omsett av Elias Blix (sjå 1881).

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 23.02.2010