Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1884

1.9. legg Venstre fram det første valprogrammet for eit norsk parti. Mange har arbeidd for at målsaka skal omtalast i programmet, men i staden blir dette punktet teke med i eit seinare arbeidsprogram.

23.9. vedtek lærarar på eit fylkesmøte i Sogn og Fjordane den såkalla Vadheims-resolusjonen, der dei krev jamstelling mellom dei to målformene i skule og forvaltning. Fram til 1.6.1885 kjem det bort imot 50 slike vedtak.

21.12. melder Elling [Holst] den nye boka Klas Omnstav og mange morosame stykkje for born av Zak. Topelius i Dagbladet. Boka er omsett av Stefan Frich, utgitt av Olaf Huseby & Olaf Olsen og er den første barneboka på landsmål.

26.12. syng kyrkjelyden i Høydalsmo annekskyrkje i Telemark utan løyve og under leiing av prost Sønke Sønnichsen Blix-salmen ”No koma Guds englar i helsing med sky” og ein annan salme av Elias Blix, som då er kyrkje- og undervisningsminister. Dette er første gongen ein Blix-salme blir sungen i ei kyrkje.


Sist oppdatert: 07.08.2020