Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1885

1.1. syng også kyrkjelyden i Lårdal kyrkje i Telemark Blix-salmar utan løyve (sjå 1884).
 
24.1. skriv prost Sønke Sønnichsen i Lårdal, Telemark, til Kyrkjedepartementet og bed om å få bruke salmane av Elias Blix i kyrkja. Salmediktaren er no kyrkjeminister og difor in habil. 22.8. avgjer statsråd Jakob Sverdrup at saka skal «bero indtil videre». Først åtte år seinare blir det lov å syngje salmar på landsmål i kyrkjene.
 
14.2. fremjar 41 stortingsrepresentantar med Niels Juel, Lars Liestøl og H.E. Berner i spissen følgjande framlegg: «Storthinget ynskjer, at Regjeringi vil sjaa til kva som best kann gjerast for at det norske Folkemaalet, i dei Maatar, som i dette Brevet er innmeldt, kann faa full Rett og Fridom jamsides med Bokmaalet». Representantane kjem frå alle fylke unnateke Vestfold, Troms og Finnmark.
 
25.3. blir landsmål for første gong nytta i ein annonse frå det offentlege. Det er Ivar Høyem, formann i Bremanger skulekommisjon, som lyser ut ein lærarpost i Norsk Kundgjørelsestidende.
 
30.4. held Elias Melvær det første innlegget i Stortinget som blir referert på landsmål i Stortingstidende. Saka gjeld løyving til kurs i landsmål for lærarar.
 
2.5. løyver Stortinget med 73 mot 25 røyster 6000 kroner til landsmålskurs for lærarar. Slike kurs er blitt nødvendige etter vedtaket i 1878 (sjå 1878).
 
12.5. vedtek Stortinget med 78 mot 31 røyster at «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog». Vedtaket er seinare blitt kalla jamstellingsvedtaket.
 
7.6. går samtalelaget Fram i Brunkeberg i Telemark i gang med å omsetje Fadervår, inngangs- og utgangsbøn til landsmål. Det er uvisst kva som kjem ut av dette.
 
22.8. avgjer statsråd Jakob Sverdrup at spørsmålet om kyrkjelydane kan bruke Blix-salmane, skal «bero indtil videre». Først åtte år seinare blir det lov å syngje salmar på landsmål i kyrkjene.
 
15.12. vedtek kommunestyret i Fjelberg i Hordaland, med Niels Juel som ordførar, at landsmålet skal nyttast «ved all Brev- og Bokføring i Heradsstyrets Tenesta». Dette er det første vedtaket om landsmål som administrasjonsspråk i ein kommune.


Sist oppdatert: 25.11.2011