Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1886

20.1. får Moltke Moe eit nyoppretta professorat i ”norsk folkesprog og norsk folketradisjon” ved Universitetet i Kristiania.
 
I januar vedtek sparebanken i Snåsa, Nord-Trøndelag, som den første lovene sine på landsmål, ”Loger fyr Sparebanken i Snåsen”: ”Maalet fyr denne sparebanken er aa gjera pengar, som ikkje brukast, frugtberande og saa kunne gjeva næringsdrivande folk laan paa rimelege vilkor.”
 
3.4. vedtek Stortinget med 87 mot 19 røyster å løyve 1800 kroner til vidare arbeid med å omsetje skrifter frå Det nye testamentet til landsmål (sjå 1881, 1889, 1890).
 
7.4. kjem det første stortingsdokumentet på landsmål: Innst. O. Nr. 28, underskrive av A. Qvam og Lars Liestøl.
 
14.5. handsamar Stortinget den første komitéinnstillinga skriven på landsmål. Det dreiar seg om Innst. S. nr. 137 om henstand for Byen Holmestrand om å betala Aktiepengar i Vestfoldbanen». Stortingsrepresentant Rynning seier at «Det forekommer mig virkelig at Maalstrævet nu her i Storthinget begynder at komme os temmelig nær ind paa Livet».
 
Mons Litleré kjem i gang med Norskmaalets bokhandel i Naustdal, flyttar seinare til Bergen med sitt Mons Litlerés Forlag. Den første boka gir han ut i september: Forteljingar, ein antologi. Han gir i alt ut 80 boktitlar på landsmål i tillegg til om lag 35 andre før drifta stansar i 1895.

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 28.08.2014