Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1887

24.1. skriv Ivar Aasen i dagboka at han har fått første nummeret av Sysvorti. Utgivar er Kristen Stalleland i Grimstad, og bladet har fått undertittelen ”Norskt Barnablad”. Frå 1891 heiter det Norskt Barneblad og frå 1916 Norsk Barneblad. Til første nummeret får han 36 tingarar. Etter eit opphald i 1893 har bladet kome ut heile tida, men det fører lenge eit usikkert liv under skiftande redaktørar til Andreas Haavoll tek over i 1913 og styrer bladet i 40 år. Bladet er det eldste bladet på nynorsk som framleis kjem ut, og det er eit av dei eldste barneblada i verda.
 
25.10. kjem første nummeret av avisa Vestmannen ut i Volda, redigert av Rasmus Steinsvik og etter initiativ frå Synnøve Riste. Dette er den første lokalavisa på landsmål.
 
12.12. er Elias Blix, Johannes Belsheim og Matias Skard ferdige med omsetjinga av Det nye Testamente til landsmål (sjå 1881 og 1889).
 
Per Sivle gir ut første landsmålsboka si, Sogor. Ein bundel og Vossa-Stubba på Det Norske Samlaget.


Sist oppdatert: 28.08.2014