Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1890

2.1. kjem første nummeret av Firda ut i Bergen med Mons Litleré som redaktør etter å ha kome ut i Naustdal frå 1887, redigert på dansknorsk. Siste nummeret kjem 30.12.1893. 
12.2. får Ivar Aasen i hende den samla utgåva av Det nye Testamente på landsmål (sjå 1881, 1887).
16.4. kjem første nummeret av Sæbyggjen ut i Kristiansand med Torgeir Bjørnaraa som redaktør. Siste nummeret kjem 11.5.1892.
 
28.4. vedtek Odelstinget med dobbelrøysta til odelstingspresident Carl Berner at studentane ved lærarskulane kan bruke landsmål i den munnlege opplæringa. Lova blir sanksjonert 14.6.
 
17.10. vedtek skulestyret i Hosanger i Hordaland at landsmål skal vere opplæringsspråk i skulen, to år før dette er lovfesta (sjå 1892). Same året vedtek skulestyret i Bygland i Vest-Agder det same.
 
13.11. prentar Nordmannen ”Fedralandet” (Gud signe vårt dyre fedreland) av Elias Blix (sjå 1905 og 1906).
 
18.12. prentar Nordmannen «Upp, fegnast alle, fegnast no», ein salme av Thomas Kingo frå 1689 som er omsett av Elias Blix. Året etter endrar Blix førstelinja til «Upp, gledjest alle, gledjest no». Det er denne varianten Odd Nordstoga bruker på plata Strålande jul i 2009 (sjå 2009).
 
Jonas Vellesen gir ut læreboka Den fyrste bok åt barnet på F. Beyers Forlag i Bergen. Seinare gir han ut ei rekkje nynorske lærebøker; somme av dei blir brukte i over 40 år.

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 28.08.2014