Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1891

3.1. lanserer Arne Garborg ideen om eit landsmålsteater, «eit spelarlag av bygdefolk», i artikkelen «Det frie folketeater i Berlin» i Firda (sjå 1897, 1898, 1899, 1910, 1912, 1913).

10.1.1891 kjem første nummeret av Orkdølen ut på Svorkmo med K.M. Elda som redaktør. Siste nummeret kjem 31.3.1914. 

9.5. blir dampskipet D/S «Noreg» sjøsett ved Stenvaagnes Skibsværft i Ålesund. Skipet er bygt for reiarlaget S.M. Kuhnle i Bergen. Det er bygt i furu, eik og nordamerikansk pitch pine, måler 156 fot og er på 471 brutto registertonn. Etter sjøsetjinga blir skipet slept til Bergen Mek. Verkstad. 

Rasmus Løland debuterer med Folkeliv på Mons Litlerés Forlag.


Sist oppdatert: 06.06.2017