Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1893

14.6. prentar Firda ”Aa liva” (Å leva det er å elska) av Anders Vassbotn.
 
28.7. sender Kyrkje- og undervisningsdepartementet ut rundskriv om at desse bøkene skal vere mønster for rettskrivinga på landsmål: Nokre salmar av Elias Blix, Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular av Arne Garborg og Ivar Mortensson Egnund, Norsk Maallæra av Marius Hægstad, landsmålsutgåva av Nordahl Rolfsens leseverk og Norsk Grammatik av Ivar Aasen.
 
20.10. går Søndmøringen over til å bli redigert på landsmål etter å ha kome ut på dansknorsk sidan 1892. Avisa går inn i 1896.
 
7.11. kjem første nummeret av ungdomsbladet Unge Skud med Lorentz Nybø som redaktør og utgivar. Frå 1895 er det meste av bladet på landsmål. Frå 1897 blir det organ for Noregs Ungdomslag, og i 1899 skiftar det namn til Unglyden. I 1916 blir bladet slått saman med Bodstikka (sjå 1913).
 
Olaf Huseby i Kristiania gir ut Nokre Salmar av Elias Blix som tillegg til Landstads salmebok. Fem år etter har han alt prenta 204 000 eksemplar.


Sist oppdatert: 28.08.2014