Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1895

Brita Bjørgum gir ut Kari Lidi, den første lengre forteljinga på landsmål skriven av ei kvinne. Boka blir utgitt i kommisjon hos Hydle & Co i Bergen.
 
Hans Ross gir ut Norsk Ordbog på Alb. Cammermeyers Forlag.
 
Organisasjonen Målkassa blir skipa i Kristiania, med lokale ”sysselmenn” som skal vere bindeledd mellom hovudstyre og medlemmer. Medlemmene skal betale ein fast sum i månaden (sjå 1898).


Sist oppdatert: 06.02.2020