Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1899

5.1. kjem første nummeret av Unglyden ut på Voss med Lorents Nybø som redaktør, som framhald av Unge Skud. Siste nummeret kjem 23.12.1967.
 
7.1. blir det første fylkesmållaget, Austmannalaget, skipa i Elverum med O.A. Eftestøl som formann.
 
3.3. blir Det norske Spellaget skipa med Magnus Hydle som første formann. Laget har første framsyninga på Eldorado Theater i Kristiania 21.3 med stykke av Hulda Garborg og Rasmus Løland. Laget går inn etter kort tid, og kjem i gang att i 1910. Dette er kimen til det som i 1912 blir Det Norske Teatret (sjå 1891, 1897, 1898, 1910, 1911, 1912).
 
10.3. blir Det norske Spellaget skipa med Magnus Hydle som første formann. Laget har første framsyninga 21.3, men laget går inn etter kort tid. Dette er kimen til det som i 1912 blir Det Norske Teatret (sjå 1891, 1897, 1898, 1910, 1911, 1912).
 
1.5. vedtek Stortinget at det skal vere ein time obligatorisk skriftleg landsmålsundervisning ved underoffisersskulane i infanteriet (sjå 1901 og 1907). Framlegget kjem frå Lars Liestøl, og timen blir teken frå tid avsett til eksersis, skyting og vaktteneste. Ordninga stod truleg ved lag til 1930-åra, kanskje lenger.
 
Olaf Huseby gir ut heftet Salmar og tekster til kyrkjebruk den 17de mai med omsetjingar av Elias Blix og med den nye 17. mai-salmen hans, ”I Norigs Vetter rann ein Vaar”. Seinare får heftet eit tillegg for olsokfeiringa, og blir då utgitt av Noregs Ungdomslag.
 
17.5. blir det for første gong halde heile gudstenester på landsmål, i dei tre Telemarks-kyrkjene Lårdal, Seljord og Vinje, av prestane Jakob Kornbrekke, Kristian Olsen Nordlid og Bernt Theodor Anker.
 
8.7 blir Marius Hægstad utnemnd til det første professoratet i ”landsmaalet og dets dialekter” ved Universitetet i Kristiania.
 
6.10. held Marius Hægstad den første førelesinga på landsmål ved Universitetet i Kristiania.
 
15.10. blir Bondeungdomslaget i Oslo som det første bondeungdomslaget skipa av kring 150 frammøtte med Klaus Sletten som første formannen. Tiltaket er ei direkte følgje av marknadssuksessen året før (sjå 1898).
 
12.11. held Ivar Mortensson-Egnund preike i unitarkyrkja Broderskabets Kirke i Kristiania. Dette er den første preika på landsmål i hovudstaden (sjå 1872).
 
27.11. blir Kristiania Rigsmaalsforening skipa (sjå 1907).
 
Hulda Garborg sender ut det første oppropet om å bli med i eit spellag for teaterstykke på landsmål.
 
Det norske Bibelselskap gir ut ei revidert utgåve av Det nye testamente, gjennomsett av Elias Blix.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 


Sist oppdatert: 28.08.2014