Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1900

16.1. vedtek Stortinget samrøystes å be om om at namn på administrative einingar ”må verta umvølte på norsk eller umbytte med nasjonale namn, der dette trengst”. Framlegget kom frå Nils Skår o.fl., og vedtaket fører til at departementet set ned ei nemnd (sjå 1908).
 
I januar kjem første nummeret av Norrøna – Det fyrste blad paa norskt maal i Vesterheimen [USA], med Peer Storeygard som redaktør og utgivar. 
 
21.4. får Kyrkjedepartementet Peter Hognestads omsetjing til landsmål av Tekstbok og altarbok for Den norske Kyrkja (sjå 1907, 1908). Det var Olaf Huseby som året før hadde oppmoda han om å gjere dette.
 
3.5. blir Prestemaallaget skipa med Bernt Støylen som første formannen. Om lag 50 prestar og teologar blir med.
 
31.10. blir Studentmaallaget i Kristiania skipa med Leiv Heggstad som første formann.
 
Nationalforlaget gir ut Steinar Schjøtts omsetjing av Snorres kongesoger i eit førsteopplag på 30 000 eksemplar. Før året er omme, har om lag 16 000 kjøpt boka.
 
Jens Vevstad gir ut dei to første skjemteblada redigerte på landsmål, Dølen og Frifanten.
 
Norskt maalkontor blir skipa i Kristiania som eit samarbeidstiltak mellom Målkassa (sjå 1895) og Det Norske Samlaget, og etter initiativ frå Klaus Sletten, som også styrer kontoret dei første åra.


Sist oppdatert: 22.10.2009