Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1901

5.1. kjem første nummeret av Fjordguten ut i Norheimsund med Torgils Bu som redaktør. Siste nummeret kjem 22.6.1904. Avisa held fram i Søndhordland (sjå 1919).  
6.2. fastset regjeringa Steen den første offisielle rettskrivinga for landsmål, den såkalla Hægstad-normalen. Den såkalla midlandsnormalen blir innført som sideform for skuleelevane.
 
22.2. går Gaulardølen på Svorkmo formelt over til å bli redigert på nynorsk. Avisa blei skipa i 1898, har brukt ein del nynorsk før og blir no i praksis redigert tospråkleg. Siste nummeret kjem 15.2.1902.
 
31.3. held Peter Hognestad preike på landsmål i Johanneskirken i Kristiania. Dette er den første preika på landsmål i Den norske kyrkja i hovudstaden, til sterke protestar frå fleire aviser (sjå 1899).
 
17.5. blir melodien til ”Den nordnorske nasjonalsongen” teken i bruk. Det er Adolf Thomsen som har komponert den no så folkekjære tonen til diktet ”Å eg veit meg eit land” av Elias Blix (sjå 1896).
 
1.6. skriv Anders Lothe norskstil på landsmål ved mellomskuleeksamen ved Hans Tanks skole i Bergen. Lothe blir nekta sensur, men Kyrkjedepartementet pålegg skulen å gi han karakter, samstundes som Lothe skal skrive ein tilleggsstil på bokmål. Lothe blir seinare stortingsmann.
 
8.9. opnar BUL Oslo den første kaffistova i Noreg i Øvre Slottsgt. 29, Kristiania under mottoet: ”Fyrsteklasses kafé med tridjeklasses prisar”. Initiativtakar er Marie Kviberg. Dei neste tiåra kjem det over 160 kaffistover og bondeheimar. Halvparten av kaffistovene ligg i fire fylke: Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Nordland.
 
4.10. kjem første nummeret av Sygna ut i Sogndal med Jens Kvále som redaktør. Avisa er eit framhald av Ungdom (sjå 1896). Siste nummeret kjem 20.3.1903. Avisa held fram i Sogns Tidende.
 
28.11. vedtek Odelstinget med 45 mot 40 røyster at det skal vere to oppgåver ved skriftleg norskeksamen i lærarskulane: ”Elev, som har avfattet begge i samme sprogform (landsmaal eller bogmaal) skal desutan underkaste sig prøve i skriftlig gjengivelse av et oplæst stykke eller i at skrive en let stil av fortællende indhold i den anden sprogform.”  Lagtinget vedtek det same med 21 mot 7 røyster. Lova blir sanksjonert i 1902.
 
Albert Joleik skriv som den første landsmål ved embetseksamen ved Universitetet i Kristiania, sju år før dette blei lovleg, og er nær ved å stryke av den grunn (sjå 1893, 1908).
 
Grunnlova kjem i autorisert landsmålsversjon, omsett av Nikolaus Gjelsvik (sjå 1875).


Sist oppdatert: 28.08.2014