Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1902

3.1.1902 kjem første nummeret av Vestlandet ut i Bergen med Anders Hauge som redaktør. Siste nummeret kjem 7.1.1903. 
 
7.3. held Hulda Garborg den første folkedansframsyninga, under ein marknad i Kristiania.
 
5.5. vedtek Det Norske Samlaget å dele verksemda si i eit bymålslag og eit landsmålslag.
 
8.11. melder Den 17de Mai at det er skipa eit kvinnemållag i Vefsn etter initiativ frå Dina Kulstad. Laget skal fremje målsaka i bygda ved å arbeide om lag som misjonsforeiningane, med opplesing og basar. Om lag 20 kvinner er med.
 
Hulda Garborg gir ut Songdansen i Nordlandi på H. Aschehoug & Co. Med dette hentar ho heim att den tradisjonsrike folkeviseleiken.
 
Saman med Noregs Ungdomslag set Skuleboknemnda åt Studentmållaget i Kristiania i gang serien Norske Folkeskrifter. Det kjem 96 hefte i serien fram til 1964. Alt i 1914 er det kome 62 hefte i eit samla opplag på 313 000 eksemplar. Enkelte hefte blir prenta i svært store opplag, som Friman Korens Alkoholen og helsa, spreidd i minst 32 000 eksemplar. Det samla opplaget for alle hefta ligg truleg nær 500 000 eksemplar.

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 19.08.2014