Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1903

31.3. blir Peter Hognestad utnemnd til stiftskapellan i Kristiania. Sjølv om Kyrkjedepartementet til tider strittar imot, held Hognestad alle sine preiker på landsmål. Den første preika i embetet held han i Garnisonskyrkja 18.10.

1.4.1903 går Sogns Tidende i Lærdal over til å bli redigert på nynorsk etter å ha kome ut sidan 1878. Siste nummeret kjem 17.1.1947, og Sogns Tidende held fram i avisa Sogn og Fjordane. 

16.9. debuterer Matias Skard med 55 Salmar, Gamle og nye på H. Aschehoug & Co.

26.9. gir Paul M. Gjærder ut første nummeret av Myllarguten i Volda, ein serie hefte med eldre og nyare tradisjonsmusikk frå Vestlandet, redigert på landsmål. I alt kjem fem hefte fram til 18.2.1905 (sjå 1910).

Hausten blir Pønskarlaget skipa i Kristiania, eit samtalelag og uformelt nettverk for nynorsk intelligentsia. Laget går truleg inn i 1923.

22.10. debuterer Sigurd Eldegard med skodespelet Fossegrimen. Trollspel i fire Vendingar på H. Aschehoug & Co. (sjå 1905).

18.12. ligg Grunnlov og riksakt føre i landsmålsversjon, omsett av Nikolaus Gjelsvik og utgitt som nr. 11 i serien Norske Folkeskrifter (sjå 1875, 1902). Justisdepartementet har godkjent omsetjinga.

Anders A. Lothe debuterer med forteljinga Aasefolket på eige forlag på Nordfjordeid.

Matias Orheim debuterer med diktsamlinga Heimlokk på eige forlag på Orheim. Boka inneheld både eige verk og gjendiktingar. 


Sist oppdatert: 07.08.2020