Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1906

I januar programfestar Arbeiderdemokratene som det første partiet målsaka.
 
15.1. blir det halde eit rådleggingsmøte på Norsk Målkontor i Kristiania. Møtet konkluderer med å kalle inn til eit målmannsstemne for heile landet i Kristiania. Arne Garborg blir beden om å skrive invitasjonen.
 
16.1. prentar Den 17de Mai invitasjonen til målmannsstemnet, underskriven av 35 stortingsrepresentantar – 27 frå Venstre, 6 frå Moderate Venstre og 2 frå Arbeidarpartiet.
 
4.2. kl. 17.00 opnar målmannsstemnet med 131 utsendingar frå 55 lag og organisasjonar i Turnhallen i Kristiania.
 
5.2. mellom 01.00 og 02.00 blir Noregs Mållag skipa etter vedtak på målmannsstemnet, og Marius Hægstad blir vald som første formannen. Skipinga skjer dagen før Venstre samlar seg til landsmøte.

20.5. kunngjer Erik Gunleikson i Norsk Kundgjørelsestidende at han vil opne handel i Risør (sjå 1912). Det blir både bok-, papir- og musikkhandel. Drifta stansar i 1938.

22.6. blir fedrelandssalmen ”Gud signe vårt dyre fedreland” av Elias Blix sungen under kroninga av kong Haakon 7 i Nidarosdomen i Trondheim (sjå 18901905).

I september kjem Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte redigert av Bernt Støylen, med m.a. førsteutgåva av hans eige bordvers ”Gud signe maten”. Boka kjem ut på Norsk søndagsskoleforbunds forlag og inneheld 261 songar og salmar.

18.10. melder Agderposten at fire sokn i Bygland har vedteke å ta i bruk Peter Hognestads nynorske liturgi. Initiativet kom frå presten Ivar Aartun. Liturgien blir først godkjend for bruk året etter (sjå 1900 og 1907).

Oskar Braaten debuterer med «Du heimen min –». Spelstykke i tvo vendingar på Unglydens forlag på Voss. 


 
 


Sist oppdatert: 07.08.2020