Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1907

28.1. prentar Den 17de Mai eit innlegg av Bernt A. Støylen der han oppmodar til ein nasjonal dugnad for å samle inn barnerim og barneleikar. To år etter kjem resultatet i boka Norske barnerim og leikar, som inneheld 468 rim og 85 melodiar.
 
Om vinteren skriv Anders Hovden «Fagert er landet», som kjem på prent i Solhòv same året.16.3. melder Social-Demokraten at Soga um Volsungarne nettopp er komen ut. Verket er omsett av Torleiv Hannaas, utgitt av Det Norske Samlaget og er første boka i serien «Norrøne bokverk». I tiåra som følgjer, gir forlaget ut godt over hundre titlar i seks ulike seriar med omsette klassiske skrifter.

7.4. blir Norsk Riksmaalsforening skipa i Kristiania med Bjørnstjerne Bjørnson som første formannen. Namnet blir endra til Norsk Riksmaalsforbund i 1909.
 
23.4. vedtek Odelstinget samrøystes eit tillegg til lov om stiftskapellanar at ein av stiftskapellanane i Oslo «fortrinsvis anvendes til at forkynde Guds ord paa det norske landsmaal» og at han også kan gjere teneste utanfor stiftet (sjå 1903). 13.5. sluttar Lagtinget seg samrøystes til. Seinare blir ordninga utvida.
 
25.4. vedtek Odelstinget med 62 mot 30 røyster at elevar skal skrive ein stil på sidemålet til examen artium. I Høgre røystar 13 for og 18 mot. 13.5. vedtek Lagtinget samrøystes det same. Lova blir sanksjonert 24.5. og gjord gjeldande frå 1912.
 
15.9. blir det i Slottskapellet for første gong halde nynorsk gudsteneste. Kong Haakon har vist stor velvilje, og ordninga blir fast.14.9. blir livsforsikringsselskapet Andvake skipa i Kristiania. Det får mykje å seie for nynorsk som forretningsspråk. Selskapet blir skipa på ny i 1917 med ein aksjekapital på 300 000 kroner.

1.10. vedtek generalforsamlinga i Livsforsikringsselskapet Andvake vedtektene for det nye selskapet. Til rådet vel forsamlinga mellom andre Bernt Støylen, Richard With og Hege Væringsaasen. I styret sit mellom andre sjøfartsdirektør Magnus Andersen og filologen Nikolaus Gjelsvik.

28.10. godkjenner statsråd Abraham Berge ved kongeleg resolusjon Peter Hognestads Tekstbok og altarbok for Den norske Kyrkja (sjå 1900, 1906), men boka skal berre brukast «hvor presten (presterne) til enhver tid ser sig i stand til at præke paa landsmaal» (sjå 1915). Boka kjem ut i mars 1908 på Salmebokforlaget.

5.11. skriv Sogns Tidende at Lunde & Co i Bergen har gitt ut preikesamlinga Ordet um krossen, redigert av Henrik Kaarstad. Dette er den første boka på landsmål frå forlaget, som fram til 1922 sel om lag 300 000 bøker på landsmål.

21.11. omtalar Ola Solberg forteljinga Birgit, debutboka til Petra Kvisli, i Solungen.

Henrik Rytter debuterer ned Dømde. Eit lagnadspel i tri vendingar på Det Norske Samlaget (sjå 1933).

Hans Aarnes debuterer med skodespelet Sundagskveld hos E.K. Hansens trykkeri i Molde.

Olav Duun debuterer med Løglege skruvar og anna folk på Olaf Norlis Forlag.

Songbok aat ungdomslag, redigert av Sven Moren, blir utgitt av Norsk maalkontor. Den 7. (og siste) utgåva kjem i 1950.

Lars Søraas d.e. publiserer den tonen som gjer ”Den fyrste song” av Per Sivle til ein kjær folkesong (sjå 1877).


Sist oppdatert: 07.08.2020