Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1908

6.1. vedtek regjeringa Løvland ei fornorsking av namn på kommunar og kyrkjesokn i Nordland og Troms (sjå 1900).
 
4.3. prentar Den17de Mai den første statistikken av Peder E. Hovdan om bruk av nynorsk, om Blix-salmane.
 
29.3. blir den nynorske altarboka for første gong brukt, ved gudstenesta i Slottskapellet.
 
1.4.1908 går Hordaland på Voss over til å bli redigert på nynorsk etter å ha kome ut sidan 1883. 
 
Om våren tek Olav Midttun over som redaktør av Syn og Segn i eit vikariat for Halvdan Koht. Midttun sit som redaktør i 51 år, til og med 1960-årgangen.
 
5.5. vedtek regjeringa at studentane kan velje mellom riksmål og landsmål i oppgåvesvara sine ved universitetseksamen. Med dette er landsmål innført i heile skuleverket.
 
8.9. prentar Den 17de Mai diktet ”Vestland” av Tore Ørjasæter, skrive i Geiranger sommaren same året. I 1911 komponerer Sigurd Førsund melodien til diktet som i dag er kjend som ”Å Vestland, Vestland”.
 
Hovdan gir ut første utgåva av Målkartet. Dei kommunane som bruker landsmål, blir farga raude. Han lagar nye utgåver av dette kartet i 1920 og 1948.
 
Olav Sletto debuterer med Dei gamle på Olaf Norlis Forlag.


Sist oppdatert: 19.08.2014