Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1910

11.3. blir Norsk Bokmannslag skipa med Idar Handagard som første formannen, og med 41 medlemmer. Dette laget for nynorske forfattarar  innsovna mot slutten av 1970-åra.
I april gir Paul M. Gjærder ut første nummeret av Norsk Toneblad i Volda, eit musikktidsskrift som bl.a. prentar 280 korarrangement av songar, dei fleste på landsmål. Siste nummeret kjem i mars 1918 (sjå 1903).
 
17.4.1910 avviser Odelstinget med 55 mot 37 røyster eit framlegg frå Riksmålsforbundet om at påbodet i lov av 24.5.1907 om skriftleg prøve på sidemål blir teke ut av lova (sjå 1907).
 
2.7. går avisa Møre i Volda over til nynorsk etter å ha vore redigert på riksmål frå 1902.
 
1.9. opnar Voss gymnas eit toårig gymnsastilbod for 13 elevar på real- og latinlinje, med A. Bjerk-Amundsen som første skulestyrar. Dette er det første (private) landsgymnaset i landet. Etter forarbeid frå Studentmållaget i Oslo set Olav Riste og Fredrik Voss i gang eit privat gymnas for landsungdom i Volda same hausten.
 
27.10. har Hulda Garborg og Det norske Spellaget si første framsyning, Ei hugvending, på Venskaben i Asker, før dei legg ut på fleire spelferder. Dei veit kva dei går til; i hovudstadpressa hausta Voss Ungdomslag spitord då dei spelte teater i Oslo same sommaren (sjå 1891, 1897, 1898, 1899, 1911, 1912, 1913).
19.11.1910 kjem første nummeret av Framstig ut i Volda med Paul M. Gjærder som redaktør. Siste nummeret kjem 21.1.1919.
Odelstinget avviser eit framlegg frå Riksmålsforbundet om sidemål med 55 mot 37 røyster.


Sist oppdatert: 20.08.2014