Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1911

15.1. opnar Det norske Spellaget under leiing av Hulda Garborg den første turneen sin med framsyningane Ervingen av Ivar Aasen og Ei hugvending av Hallvard Hande på Furulund i Kirkenær. Turneen varer til midten av mars (sjå 1891189718981899191019121913).
 
1.7. kjem første nummeret av avisa Spegjelen i Trondheim med Albert Joleik som redaktør. Avisa endrar namn til Olsok 1.4.1915 og går inn sommaren 1921.

12.10. debuterer Alexander Seippel med diktverket Granskaren. Ei universitets-kantate på Olaf Norlis forlag. Verket blei urframført under immatrikuleringsfesten ved universitetet 2.9.1911.

24.11. melder Østerdølen at verket Kringla med fire små biletbøker nettopp har kome ut på kunstforlaget Munin. Kvar bok kostar ti øre. «Noget saa vakkert har vel aldrig været at faa i Norge for 10 øre», skriv avisa. Bak står Gudveig Høyem, og verket blir selt i 50 000 eksemplar i utgivingsåret. Dette er den første barneboksuksessen på landsmål og i det heile det nynorske bokverket som har selt mest. 7.12. annonserer Olaf Norlis Forlag i Den 17de Mai for barneboka Brør og halvbrør av Halvor Floden. Debutboka hans har gått som føljetong i Norsk Barneblad frå januar. 

I samarbeid med landbruksorganisasjonane skipar BUL Oslo A/S Rosenkrantzgaten Nr 8.
 
Almanakk for Noreg kjem ut for første gong som parallellutgåve til Almanakk for Norge, som har kome årvisst sidan 1813.
 


Sist oppdatert: 07.08.2020