Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1912

6.1. kjem første nummer av vekebladet For Bygd og By med Kristofer Uppdal som første redaktør og Gudveig Høyem som utgivar. Olaf Norli tek over drifta året etter, og siste nummer kjem i 1932.
 
6.1. kjem første nummeret av skjemtebladet Tyrihans kjem ut med Gudveig Høyem som redaktør og utgivar. Etter kort opphald kjem bladet ut att under namnet Peik i 1913 og held det gåande til 1918.
 
28.1. utløyser støtte til landsmålet regjeringskrise. Statsminister Wollert Konow er på fest i BUL Oslo, og etter ein tale til statsministeren av Marius Hægstad svarar Konow med å hylle målsaka som ”den sak, som sterkest har båret det norske folk frem i det sidste halve hundreår”. Aviser som Tidens Tegn reagerer sterkt, likeins Høgre.
 
16.2. går regjeringa Konow av som følgje av usemje om landsmålet.
 
22.11. blir L/L Det Norske Teatret skipa i Møllerg. 20 i Kristiania med Hulda Garborg som første formann og Rasmus Rasmussen som første teatersjef. Eit førebuande møte 5.11. har laga framlegg til lover, og aksjekapitalen er på 21 000 kr (sjå 1891, 1897, 1898, 18991910, 1911, 1912, 1913).
 
30.12. publiserer bladet Bonden songen «Jolekveld» («Kaldt og mørkt og lite sol») av Laurits F. Hov. Anders Hove skriv melodien, som Norsk Toneblad publiserer i november 1913.
 
Det første kullet frå eit privat landsmålsgymnas, Voss med Leiv Heggstad som rektor, er ferdig utdanna. Året etter kjem det første kullet frå ein tilsvarande privatskule i Volda.
 
Erik Gunleikson gir ut dei første bøkene på det nye forlaget sitt – ei forteljing av Kristen Løland, eit sogespel av Gunnar Rysstad og ei verssamling av Arne Smeland.

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 25.11.2011