Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1913

2.1. har Det Norske Teatret den første framsyninga si, i Kristiansand – Ervingen av Ivar Aasen med opningsreplikk av Lars Tvinde, og Rationelt fjøsstell av Hulda Garborg. Teatret avsluttar den tredje turneen dette året med framsyning i Steinkjer 5.7. (sjå 1891, 1897, 1898, 1899, 1910, 1911, 1912)
 
11.1. blir fungerande stortingspresident Aasulv Bryggesaa som den første stortingsrepresentanten referert på nynorsk i Forhandlinger i Stortinget.
 
8.2. taler stortingspresident Jørgen Løvland på landsmål ved kongeparets middag for Stortinget på Slottet i Kristiania. Det er første gongen landsmål blir brukt av Stortinget andsynes Slottet (sjå 1909).
 
6.7. blir Norsk Bladmannalag skipa under årsstemnet til Noregs Ungdomslag i Skien. Hans Aarnes er første formann. Dette laget for nynorske journalistar er enno så vidt i live.
 
6.10. blir Det norske Teatret opna i Teatersalen til BUL Oslo i Bøndernes Hus, Rosenkrantzgt. 8, Kristiania, med framsyninga Jeppe paa Berget, omsett av Arne Garborg. Kong Haakon 7 er til stades (sjå 1891, 1897, 1898, 1899, 19101911, 1912). 
 
13.10. møter nærmare hundre riksmålsungdomar opp i Det Norske Teatret og lagar pipekonsert. Politimeisteren les opprørslova mot dei, og politiet kastar dei så ut etter eit basketak. I ei hovudstadsavis skriv ein innsendar dagen etter: ”Det var livlig i bondehuset igaarkveld. I den avdeling av anstalten, som med mer end almindelig fræk anmasselse kaldes for ’Det norske teatret’. En teaterabort, et ufuldbaaret foster av stupide bonde ’kultur’ som velter sig ind paa folk med alt sit habengutt – sin stenalderdannelse og sine tomme, rosemalte hjernekister.”
 
15.10. kjem første nummer av Bodstikka, meldingsblad for Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag med Edvard Os som redaktør. Bladet endrar namn til Norsk Ungdom i 1916 og kjem under skiftande namn til 1997.
 
I desember set styret ved Det norske Teatret med eit arbeidsutval som skal førebu arbeidet med nybygg (sjå 1914, 1916, 1985).
 
Olav Nygard debuterer med diktsamlinga Flodmaal på Olaf Norlis Forlag.
 
Norske dansevisur av Hulda Garborg kjem ut på H. Aschehoug & Co, med fleire utgåver seinare.
 
Hermannsboki, landsmålsutgåva av Haandbok for den menige soldat, kjem for første gong, omsett av kaptein Sagen.


Sist oppdatert: 01.01.2012