Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1914

15.1. søkjer Det Norske Teatret staten om 300 000 kr frå ei planlagd utviding av Pengelotteriet til nybygg i Kristiania (sjå 19161985).

27.2. blir Landsbanken skipa i Bergen med Cornelius B. Bugge som første styreformannen, med landsmål som forretningsspråk og ein aksjekapital på 600 000 kr.

4.3. kjem første nummeret av Bondebladet ut på Voss med Knut Lydvo ofl. som redaktør. Siste nummeret kjem 6.12.1935. 

20.6. omtalar Bergens Tidende debutboka av Jenny Arnesen, skodespelet Gunnstein Kvaale, som ho har gitt ut på B. Styve’s forlag på Voss.

29.7. held biskop Bernt A. Støylen den første bispepreika på landsmål, i Kristiansand domkyrkje.

15.8. opnar Landsbanken i Bergen dørene for publikum. Under bankkrisa i 1923 blir både denne og mange andre bankar sette under administrasjon, og banken stoppar drifta 23.4.1923.

12.11. gir Det Norske Samlaget ut det 13. og siste heftet av Steinar Schjøtts Norsk Ordbok. Den dagen fyller ordbokforfattaren 70 år. Den innbundne boka på 617 sider er i sal i desember.

Torvald Tu debuterer med skodespelet Storbekkmyri hos Aktietrykkeriet i Stavanger. Stykket har gått som føljetong i Rygja Tidend. 



Sist oppdatert: 07.08.2020